Gå til sidens hovedinnhold

To båtar har kollidert ved Flekke: 11 personar involvert

Ein trøbåt og ein motorbåt har kollidert i Flekkefjorden i Fjaler.

Naudetatar har rykka ut, etter at politiet klokka 11.30 fekk melding om ein båtkollisjon ved Flekke.

Ifølgje VG skal 11 personar vere involvert i ulukka og ein person er skadd. NRK Vestland melder at det skal vere snakk om to skadde, men at begge personane har lettare skader.

Det er i samband med vassport at ein motorbåt som drog ein badering har køyrt på ein trøbåt. Ulukka skjedde like ved anlegget til Røde Kors Nordisk United World College i Flekke i Fjaler kommune.

Den skadde skal ha sitte i trøbåten då ulukka skjedde, men ingen skal ha hamna i sjøen.

Kommentarer til denne saken