2022 gav ein betydeleg vekst i alvorleg trafikkulykker her i landet. Talet på drepne auka med nesten 50 prosent, frå 80 omkomne i 2021 til 118 i 2022.
Og verst var det på sommaren. Heile 67 personar mista livet frå mai til og med august. Dette viser Statens vegvesens førebelse ulykkestal for 2022.
– Eg er uroa over utviklinga. Vi har sett oss ambisiøse mål for trafikktryggleiken. Arbeidet mot trafikkdøden held fram med uforminska styrke. Ei trafikkulykke med drepne eller hardt skadde er ei for mykje, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding.
Mange ulykker med vaksne
Omkomne i alderen 45 år eller eldre utgjer nesten heile auken blant trafikkdrepne frå 2021 til 2022.
Kvar tredje omkomne i 2022 er i alderen 65 år eller eldre.
– Med ein aldrande befolkning er dette ei utvikling som uroar oss. Vi må bruke erfaringa vår i trafikken på ein positiv måte, seier Hovland.
Uvanleg mange dødsulykker på sykkel
Det har vore betydeleg fleire omkomne på sykkel i 2022 samanlikna med tidlegare år. Det er særleg fem omkomne på elsparkesykkel og to på elsykkel som slår ut på statistikken. 11 dødsulykker med vanleg sykkel er dobbelt så mykje som dei tre tidlegare åra.
– Når vi ønskjer at fleire skal sykle eller gå, må vi sjå på korleis vi kan tilrettelegge betre for dei mjuke trafikantane framover, seier vegdirektøren.
Fleire MC- og ATV-ulykker
En annan ting som peikar seg ut i 2022, er fleire ulykker med ATV og traktor. Seks dødsulykker er mykje samanlikna med tidlegare år. Tre omkom på slike kjøretøy i fjor, og i åra før har det vore få eller ingen omkomne.
Dødsulykker på MC auka også i fjor, med 21 døde, mot 15 året før. Vi må tilbake til 2016 for å finne eit tilsvarande høgt tal. For månadene med høgsesong, frå mai til august, utgjer omkomne på motorsykkel 25 prosent av alle drepne i trafikken.
Hardt skadde auka ikkje
Registreringa av talet på hardt skadde i trafikken ligg nokre månader på etterskot. Talet varierer, men ved utgangen av august i år er det registrert om lag like mange hardt skadde siste 12 månader (sept. 2021 - aug. 2022) som i heile 2021 (575 mot 569). Utviklinga er med andre ord meir positiv enn for drepne.
–Det er framleis for mange menneske som blir hardt skadde og får liva sine endra, kanskje for alltid. Dette tek vi på største alvor, seier vegdirektøren.
Koronaeffekten
Tala viser at det er sannsynleg at koronaen påverka trafikkbildet dei to førre åra. I 2020 og 2021 var det uvanleg få som omkom i trafikken i Norge. Dette var ein trend også i andre land i Europa. Mindre trafikk forklarar noko av utviklinga, men ikkje alt.
– Det er i mange år jobba godt med trafikktryggleik i Norge, av store og små aktørar. I europeisk samanheng har vi få omkomne i trafikken målt opp mot folketalet. Eg ønsker meg for det nye året at vi alle blir endå meir bevisste og flinke til å gjere dei rette tinga i trafikken – at vi blir endå meir merksame og konsentrerte om trafikken. Det vil bidra til å redde liv og å nærme oss nullvisjonen, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.