Tiltalt for å køyre i amfetaminrus

DEL

Ein mann i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å ha køyrd medan han var rusa på amfetamin og THC. Det vart klart etter ein blodprøve som var teken ein time etter at han skal ha køyrd bilen. Under kontrollen der mannen vart stoppa, fann dei også 8 gram amfetamin i ein bag i bilen hans.

0,300 mikromol amfetamin tilsvarar alkohol-promillegrensa på 0,2. Mannen vart teken med 3,7 mikromol amfetamin i blodet.

Artikkeltags