Tiltalt for vald mot politiet og for forsøk på eldspåsetjing

DEL

Ein mann frå Sogn og Fjordane er under tiltale ved Bergen tingrett for vald mot offentleg tenestemann, for trugande åtferd og forsøk på eldspåsetjing her i fylket.

Ifølge tiltalen skal han ved eitt høve ha nekta å følge politiet sin ordre om å forlate staden han var på. Då politiet konfronterte han med dette, dytta han ein politistudent fleire gonger i brystet. Og då han vart teken i arrest sparka han ein annan politimann i magen.

Nokre månader seinare skal han ha oppsøkt ein person i heimen hans. Denne personen opplevde situasjonen som skremmande. I denne episoden skal den tiltalte ha forsøkt å tenne på garasjen og verandadøra til denne personen. Det førte heldigvis ikkje til noko alvorleg brann. I garasjen etterlot elden brannmerke opp etter veggen, i tillegg smelta ei snøskuffe og ei regnjakke brann opp. Ved verandadøra etterlot flammane seg berre svimerker.

Artikkeltags