Tiltaka frå regjeringa: Redusert skatt, flyavgifter blir fjerna, permisjonsreglar blir endra


Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Jan Tore Sanner (H),  Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og arbeids- og sosialminister
Torbjørn Røe Isaksen (H) legger fram tiltakspakke i forbindelse med koronaviruset.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Jan Tore Sanner (H), Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) legger fram tiltakspakke i forbindelse med koronaviruset. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix Foto:

Kommunane får 250 millionar kroner i krisehjelp, og både skatte- og permisjonsreglar blir endra i den økonomiske tiltakspakken frå regjeringa i koronakrisa.

DEL

Totalt vil krisepakken som vart lagd fram fredag, koste staten 6,5 milliardar kroner.

– Vi veit ikkje kor lenge det vil vare, eller kor store konsekvensane blir, men vi veit det blir verre før det blir betre, sa finansminister Jan Tore Sanner (H) under pressekonferansen fredag.

– Tiltaka skal vere målretta, effektive og mellombelse, sa han.

Oppheving av flyavgifter

Regjeringa endrar mellom anna permisjonsreglane slik at staten tek det meste av rekninga. Perioden arbeidsgivar betaler, blir redusert frå 15 til 2 dagar.

Det blir dessutan ei mellombels oppheving av flypassasjeravgifta for flygingar i perioden frå 1. januar 2020 til og med 31. oktober 2020 og ei mellombels oppheving av alle lufthamnavgifter til og med 30. juni.

Både SAS, Widerøe og Norwegian har kansellert tusenvis av avgangar som følgje av virusutbrotet, sidan reiseverksemda no nærast har stoppa opp.

Regjeringa aukar dessutan skjønnsramma til kommunane med 250 millionar kroner i 2020.

– Kommunane står føre store utfordringar. Med mange smitta eller i karantene kan det bli vanskeleg å levere nødvendige tenester til innbyggjarane, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Veit ikkje totalkostnaden

Sanner understreka at dette er første av tre fasar med tiltak. I fase to blir det vurdert mellombels utsetjing av arbeidsgivaravgift og innbetaling av forskotsskatt for bedrifter.

I ein eventuell tredje fase, som ligg lenger fram i tid, vil regjeringa sjå på tiltak for å få skape auka aktivitet i økonomien att.

Finansdepartementet har ikkje gjort nokon utrekningar av kva dei totale krisetiltaka mot koronaviruset vil koste norsk økonomi.

– Men vi er førebudde på at det må kome nye tiltak, seier Sanner til NTB.

Heller ikkje statsminister Erna Solberg (H) kan gi eit anslag.

– Det er jo heilt avhengig av kor lenge dette vil kome til å gå føre seg og kor sterke tiltak vi må ha, seier ho.

Kuttet renta

Allereie fredag morgon kom Noregs Bank med ein eigen tiltakspakke for å motverke dei negative effektane i økonomien. Sentralbanken kutta styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1 prosent.

Sentralbanksjef Øystein Olsen slo fast at virusutbrotet gir risiko for «eit markert tilbakeslag i økonomien».

Noregs Bank tilrådde samtidig å lempe på krava til eigenkapitalen til bankane frå 2,5 til 1 prosent, noko regjeringa kvitterte ut same dag.

Må ofre meir

Krisetiltaka frå regjeringa skal hjelpe norsk økonomi, som no blir fullstendig lamma av utbrotet av koronaviruset.

Statsministeren nytta høvet til å takke dei som har stått på i koronakrisa dei siste vekene.

– Mange har ofra mykje og ytt mykje. Men vi må førebu oss på å ofre meir og yte meir framover, sa ho.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken