Tilsett i Helse Førde testa positivt på korona

Dette melder sjukehuset måndag kveld.

DEL

(FIRDA) – Ein tilsett i Helse Førde har i dag testa positivt på koronavirus, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, kan ikkje opplyse kva avdeling den tilsette arbeider ved. Men han bekreftar at vedkommande har vore på jobb.

Korleis vedkommande er smitta veit dei ikkje.

– Vedkommande har ikkje vore i utlandet, seier Ulvedal.

Helse Førde starta i ettermiddag arbeidet med å spore kva kontakt den smitta har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt kontakt med den smitta vil bli informerte og sett i karantene.

– Eg veit ikkje om det er nokon som er sett i karantene no.

Det er til saman 50 tilsette ved Helse Førde som er i karantene.

Artikkeltags