Tilbakeføring til kontora: Framleis to meters avstand og lukka dør

Sidan det er store skilnader på kontorløysingar, er Arbeidstilsynets råd meinte som eit grunnlag for lokale risikovurderingar og tilpassingar.

Sidan det er store skilnader på kontorløysingar, er Arbeidstilsynets råd meinte som eit grunnlag for lokale risikovurderingar og tilpassingar. Foto:

KORONA: Arbeidstilsynet har utarbeidd råd for kva vurderingar og tiltak som må gjerast når folk skal ut av heimekontora.

DEL

Foreløpig er den klåre anbefalinga at alle som kan, framleis bør sitte på heimekontor, og Arbeidstilsynet skal gå føre med eit godt eksempel.

– Dette er ein del av dugnaden vi er med på for å avgrense koronaspreiinga i samfunnet. Når vi som kan jobbe heimanfrå, gjer det, bidreg vi både til å avgrense smitte, og til at det kan opnast opp for dei som treng det mest, slik som skular og barnehagar og verksemder som er nøydde til ha sine folk på arbeidsplassen for å få gjort jobben og for å halde hjula i næringslivet i gang, seier direktør Trude Vollheim.

Men det er mange verksemder som har tatt kontakt med Arbeidstilsynet for å få råd om kva dei må tenke på, og kva dei må gjere når dei skal tilbakeføre tilsette til kontorarbeidsplassane. Arbeidstilsynet har difor laga ein ekstern versjon av sin rettleiar, slik at fleire kan få hjelp og støtte i risikovurderingane og planlegginga av korleis tilsette kan returnere til kontorlokala på ein trygg måte. Dette har Arbeidstilsynet dialog med Folkehelseinstituttet om.

Rettleiaren inneheld mellom anna råd om kven som bør halde fram med heimekontor, også når ein startar ei tilbakeføring til arbeidsplassen. Rettleiaren inneheld også råd om kontorlokalets utforming, rullering av arbeidstakarar så det ikkje skal bli for mange på kontoret samstundes, naudsynt avstand, ventilasjon, rutinar for reinhald og lunsjpause. Det må framleis vere enkelt å overhalde to meters-regelen, og dersom det er mange tilsette i same lokale, med same arbeidsoppgåver, kan ein til dømes vurdere å late ei pulje komme på kontoret måndag, onsdag og fredag, eller dele dei inn alfabetisk etter etternamn.

– Det er store forskjellar på kontorløysingar. Råda er meinte som eit grunnlag for lokale risikovurderingar og tilpassingar. Grunnleggande smittevernregler ligg til grunn, og rettleiaren vil bli oppdatert dersom det kjem nye råd frå helsemyndigheitene, seier Vollheim.

Her kan du lese rettleiaren frå Arbeidstilsynet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken