Gå til sidens hovedinnhold

Til våren har Bremanger full fiberdekning

Bremanger slit med kronglete og smale bilvegar, men investerer no i digital motorveg til heile den grisgrendte kommunen.

Frå før har dei større bygdene som Kalvåg og Bremanger fått tilgang til fiber via eit samarbeid med Enivest, men i denne siste runden er det Telenor som er samarbeidspartnar.

– Dette er ein gledas dag for innbyggarane i Bremanger, understrekar kommunalsjef for samfunn og utvikling, Karl Vidar Førde.

Førde har siste året jobba tett saman med Telenor å finne løysingar for husstandar og bedrifter som i dag ikkje har tilgang på høyhastighetsbredbånd. Tysdag i førre veke var representantar frå Telenor på besøk for å diskutere fleire fiberprosjekt i kommunen. Partane har signert ein avtale om fiber til Botnane og i tillegg har Telenor og Bremanger kommune skrive under på ein avtale om fiberutbygging til områda Oldeide, Hunskår og Kalvåg aust, Smørhamn, Novelandet.

Telenor er frå før i full gang med fiberutbygging til Berle, Kjelkenes-Sørgulen og Ålfoten til Bortne inkl. Skatestraumområdet.

– Vi har som ambisjon å vere ferdig med dei to første områda i år, mens Ålfoten vil vere ferdig i mars/april neste år, informerer ansvarleg prosjektleiar i Telenor, Frode Nyhammer. Tilleggsområda vi no har signert avtale på vil følge resten av utbygginga og alle områda vil då vere ferdig i løpet av første kvartal neste år. Vi er nøgde med avtalen og det gode samarbeidet med Bremanger kommune. Oppslutninga i dei pågåande prosjekta har vore veldig bra, fortel Remy Mjelstad.

7 av 10 husstandar i desse bygdene har teikna seg som kundar. Telenor reknar med at kring 600 bustader vil ha tilgang til fiber og TV i desse bygdelaga neste vår.

– Då kan vi trygt slå av det over 100 år gamle koparnettet i Bremanger og erstatte det med framtidas breibandsnett, understrekar Remy Mjelstad.

Sjå tidlegare saker:

– Gler oss til full fiberdekning neste år

No kan det komme fiberbreiband både til Botnane, Novelandet og Oldeide

Kan bli ei løysing på fiber-floken i Botnane

Fiberkabelen går rett forbi, men bedrifta får ikkje tilgang

Kommentarer til denne saken