Gå til sidens hovedinnhold

Til debatten om nedlegging av kjøkken i Måløy

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det har vore interessant å følgje debatten om kjøkkendrifta i nordre og søndre del av Kinn kommune, så i dag tok eg meg tid til å lese rapporten til Agenda Kaupang som er grunnlaget for avgjerda.

Frå rapporten:

  • 5.7.4 Tiltak: Redusere fra to til ett kjøkken
  • Beskrivelse av tiltaket
  • Redusere frå 2 til 1 sentralkjøkken i Kinn.
  • Bordglede KF i Florø overtek ansvar med levering av tørrmat og middager i Måløy.
  • Behalde kjøkkenet i Måløy som mottakskjøkken.
  • Bordglede KF har kapasitet til å produsere og levere tørrmat og middager til Måløy delen av Kinn uten å måtte investere i produksjonsutstyr eller auke staben.
  • Sentralkjøkkenet i Måløy reduserast frå å vere eit sentralkjøkken til eit mottakskjøkken.
  • Mottakskjøkkenet i Måløy vil få ansvar for mottak og utlevering av tørrmat/middager til institusjon og HDO plassar.
  • Varming av middag til heimebuande 7 dagar i veka.
  • Sentralkjøkkenet i Måløy kan reduserast frå 5,6 årsverk til 1,6 årsverk.
  • Arbeid på dagtid og kvar 2.helg.
  • Driftsutgifter til strøm, reinhald og vedlikehald vil fortsatt vere tilstede og vert regnskapsført på bygg og anlegg.

Eg kan ikkje seie anna enn at rapporten gjev få svar og er grunnlag for mange nye spørsmål.

Kva var bestillinga til gruppa som arbeidde med tiltak i rapporten? For meg ser det ut som ein einsidig har teke utgangspunkt i kva årsverk ein kan spare ved å legge ned kjøkkendrifta i Måløy. Det er vel og bra; isolert sett, dersom det er reduksjon i tal årsverk i pleie- og omsorgstenesta som er einaste kostnadsfaktoren. Mitt spørsmål blir difor: kva er gjort i høve til å sjå det totale kostnadsbilde for Kinn kommune når det gjeld leveranse av mat til bebuarar på institusjonar og heimebuande? Kva er gjort for å vurdere alternative modellar og løysingar?

Kjøkkenet i Måløy leverer mat til ein langt lågare kostnad enn Bordgleder KF i Florø. Kvifor er maten dyrare hos Bordgleder KF? Har Kinn kommune som bestillar av maten forhandla på pris og inngått avtale? Leverer Bordgleder KF til konkurransedyktige prisar?

Vidare les eg i media at Bordgleder KF både har behov for nye lokalar og nytt utstyr. Kva vert kostnaden på dette, og kva innverknad vil dette få for prisen på maten som skal leverast til kommunen sine brukarar? Eg ser at kommunedirektøren meiner at det er behov for nye lokale og nytt utstyr sjølv utan samanslåing. Det er heilt sikkert rett, men det er ein kostnad uansett som vil påverke kommunen sine kostnadar og brukarane sine utgifter. Er det vurdert alternativ til nyinvesteringar som kanskje vil gje mindre kostnadar?

Det er komne nye krav til kjøkken på institusjonar, kva konsekvensar vil det få?

Pleietuna i tidlegare Vågsøy har fått maten levert varm og har kunna sette den rett på bordet til brukarane. Kor mykje pleieressurar vil no måtte brukast på pleietuna for å varme opp maten og gjere den i stand til servering?

1, 6 årsverk skal vere igjen på sentralkjøkkenet i Måløy og skal nyttast til arbeid på dagtid og anna kvar helg. Kva med dei andre helgene, skal det ikkje leverast ut mat då?

Har det nokon gong i løpet av vurderinga vore aktuelt å tenkje omvendt – eit produksjonskjøkken i Måløy?

Det er krav til kvalitet på levering av mat og eg tek det som sjølvsagt at både kjøkkenet i Måløy og Bordgleder KF er sertifiserte og leverer på dette.

Som innbyggjar i Kinn er det av interesse å få vurdert heile kostnadsbildet i ei sak som vekkjer så sterke kjensler blant folk.

Kommentarer til denne saken