FIRDA – Frå i dag av lanserer vi tre løysingar kundane kan velje mellom: 1. Du kan korrigere det estimerte beløpet slik at du aldri betaler meir enn du har brukt, 2. Du kan rentefritt gratis be om ei 30 dagars utsetjing, og 3. Du kan velje forfallsdato sjølv, seier Tibber-sjef Edgeir Aksnes.

– Det er for å komme i møte kritikken vi har møtt, slik at ingen kundar skal oppleve at dei er bank for Tibber. Då vi gjorde dette var det for å halde straumprisen nede, ikkje for at kundane skulle vere bank for oss. No skal kunden kunne styre dette slik at dei aldri er i ein situasjon der dei er bank for Tibber.

Det er ein audmjuk mann som møter oss i Tibbers lokale i Førde. Den siste månaden har han og selskapet fått gjennomgå, etter at dei innførte førehandsfakturering for straumkundane. Kombinert med solide hopp i straumprisen gjorde det at kundane fekk det mange oppfatta som sjokkrekningar i månadsskiftet november/desember.

Endrar heilag prismodell

Media har spekulert i masseflukt av kundar frå Tibber, og mange har spurt seg om kor lenge dette kunne gå.

Svaret er: Til og med torsdag. Frå og med i dag, fredag, endrar Tibber på modellen sin, ein modell som har vore heilag for dei heilt frå starten av:

– Opp gjennom tida har vi prøvd å halde produktet veldig reint og enkelt: Same pris for alle, same betalingsmåte for alle, ingen lokketilbod, straum til marknadspris, ferdig med det. Det vi ser no er at det var eit kjempefint prinsipp fram til no, men når ein kjem i ein situasjon der kostnadane er på veg opp, så ser vi at ei einaste løysing er ikkje bra for alle. Det er enkelt å vere etterpåklok, men det vi burde ha gjort var å tilby fleire moglegheiter til kundane, ikkje berre ein.

Då Tibber innførte førehandsfaktureringa, vakte det ein del reaksjonar, men det var ingen ting mot det som var i vente. For så kom månadsskiftet november/desember. Der vart timinga den verst tenkelege:

Forferdeleg timing

– I november hadde vi hyggelegare straumprisar enn på lenge. Men då vi sende ut rekninga for november/desember vart det ei firedobling av rekninga, og dermed vart det store reaksjonar. Dessverre viste det seg at det estimatet var rett. Det vart store reaksjonar, og det skjønar eg godt, slik som summane er blitt.

– Kva har gått mest inn på deg av den kritikken de har fått så langt?

– Det trur eg er felles for alle, det er å sjå fortvilelsen hos dei som skal betale straumrekninga. Det er veldig høge beløp no. Vi har laga verktøy for at folk skal få lågast mogleg straumrekning, og så fekk vi sjå at det også fekk ein anna type konsekvens. Samtidig gir det og ein stor drivkraft til å fikse opp i det.

– Kom kapitalkostnadane litt bakpå dykk då straumprisane skaut så veldig i vêret?

– Ja, rentene steig jo og, dette skjedde samtidig. Vi jobba lenge for å finne løysingar for å sikre kundane, men det var ikkje mogleg å oppnå både lang betalingstid og null påslag. Vi såg at dette gjekk ikkje. Då måtte vi gjere endringar, og måtte velje det minste av to onder. Anten måtte vi legge eit påslag på straumen og la kundane fortsette å betale etterskotsvis, altså at vi la ut for straumen dei brukte i 45 dagar, eller så kunne vi halde fram med null påslag, men då måtte vi kutte kredittida, altså førehandsfakturere. Ei kundeundersøking viste at kundane ville føretrekke det siste. Vi valte det, som det minste av to onder.

Ville ikkje gjort det i dag

– Var de klare over kor ille det minste av dei to ondene var?

– Hadde vi visst det vi veit no, så hadde vi gjort andre val. Det seier seg sjølv. Eg trur framleis at det var rett å gjere minst mogleg påslag, men feilen var å ikkje tilby kundane andre løysingar. Det har blitt mykje meir krevjande å kommunisere dette og forklare det enn det vi såg for oss. Og så har det vore krevjande å sjå korleis ting har blitt misforstått, og korleis misforståingane har breidd seg og blitt til sanningar i ulike kanalar.

– Er de for få på kommunikasjon? Burde de ikkje ha folk til å sitje og skanne Facebook og svare på slikt?

– Den mengda som har skjedd no har vi ikkje vore rigga for, for det har vore heilt ekstremt. Samtidig har vi valt å prioritere å jobbe fram løysingar. Ein kan ikkje berre forklare, ein må komme med ei løysing.

– Har det vore lange dagar?

– For mange har det det, men det er vi på ein måte vant med.

Kort juleferie

– Kan dei no ta juleferie?

Det dreg han litt på:

– Vi skal ha juleferie, for no har det vore gjort ein kjempeinnsats. Men det er ikkje slik at vi kan ta ein unormalt lang ferie. Vi har mykje igjen som vi må gjere for å vinne att tilliten hos kundane som trur at vi har gjort noko som er dårleg. Vi må jobbe masse for å tilby dei mykje betre løysingar. Så så veldig lang juleferie blir det nok ikkje.