I rushtida onsdag morgon vart ein 28 år gammal kvinneleg syklist alvorleg skadd i gangfeltet på Rv.5 over Evja. I dag torsdag er ifølgje Helse Førde kvinna overført til vanleg sengepost ved Ortopedisk avdeling på Førde Sentralsjukehus.

Men dette er langt frå den første ulykka i dette gangfeltet, og om ting ikkje blir gjort i gangfeltet blir det ikkje den siste. Ulykka onsdag er ifølgje tal frå Statens vegvesen den femte ulykka med personskader i fotgjengarfeltet her sidan 2002.

Sjå det interaktive kartet over ulykker i Sogn og Fjordane over. Kartet er oppdatert fram til slutten av 2013.

- Treng fartsreduserande tiltak

I  oktober 2012 bad ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) om at fylket og fagekspertisen finn strakstiltak for det farlege fotgjengarfeltet, etter at Mari Asp vart køyrd ned og skadd der i byrjinga av månaden.

Like etter vart to hekkar som øydela sikta til gangfeltet fjerna. No har også Statens vegvesen flytta busslomma på sørsida av Skudalsvegen lenger austover, og vekk frå ulykkeskrysset. Likevel blir fotgjengarar og syklistar køyrd ned. Korleis kan ein unngå at dette skjer meir?

 

- Det som er enklast på akkurat denne strekninga er fartsreduserande tiltak, seier professor i trafikktryggleik Thomas Jonsson (bildet) ved NTNU sitt institutt for bygg, anlegg og transport.

- Dette er ein større veg, så vanlege fartshumpar vil berre skape problem for større køyretøy, brannbilar og bussar. Der finst løysingar med fartsputer (sjå link for bilde) som kan vere ei løysing her. Fartsputer er smalare enn vanlege humpar, noko som gjer at større køyretøy kan køyre over den utan at det humpar, seier Jonsson.

Lysregulering - ein god idé

Mange har trekt fram behov for lysregulering av krysset. Det meiner professoren er ein god idé, men på einskilde vilkår.

- Eg er ikkje sikker på om det er ein god idé å ha manuell lysregulering ved gangfeltet, der fotgjengarar må trykkje på ein knapp for å få grønt lys. Då med tanke på innkøyringa til Hjellegata og trafikken som kjem derifrå, seier Jonsson og presiserer:

- Om lysregulering skal vere ein god idé, må heile krysset Skudalsvegen/Hjellegata med gangfeltet lysregulerast, seier han.

Statens vegvesen har utarbeidd fleire handbøker om trafikktryggleik. I handboka for gangfeltkriterier kjem vegvesenet med fleire sikringstiltak som bør overvegast dersom meir enn 8000 bilar kvar dag og over 10 fotgjengarar eller syklistar i timen passerer området. Her skriv de mellom at det bør vurderast "opphøgd gangfelt, trafikkøy, innsnevring, fartsputer, nedskilting til 30 km/t og opphøgd gangfelt og signalanlegg". Minimumskriteriet for signalanlegg eller lysregulering er over 5000 bilpasseringar dagen.

Ulykkene på ganfeltet på Evja: