I år er det elleve år sidan Therese Kolseth og Avital Stanger flytta heim til Bremanger og Leirgulen for å ta over nærbutikken. Dei såg på det som ei god moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass, samtidig som dei sikra at bygda framleis skulle ha ein nærbutikk. For det å drive nærbutikk er ikkje noko du gjer for å bygge opp bankkontoen. I botn må det ligge både idealisme og kjærleik til lokalmiljøet.

Men nærbutikken kan ikkje overleve på idealisme og gode tankar i lengda. Ei heller Leirgulen Handel.

– Hjula har så vidt gått rundt desse åra, og dessverre har omsetninga den siste tida gått ytterlegare ned, skriv Therese og Avital i eit innlegg på Facebook.

Dei fryktar at det ikkje lenger er kundar nok i bygda til å halde liv i butikken.

Stort og viktig val

– Kundegrunnlaget har endra seg siste åra av ulike og naturlege årsaker. Vi er altså færre i bygdene, noko som har ført til mindre handel. I det siste har det vore vanskeleg å greie å betale leverandørane våre, og vi har ved fleire tilfelle måtte låne pengar privat frå oss sjølve til å betale for varene vi kjøper inn til butikken, fortel dei.

Slik kan dei naturleg nok ikkje halde det gåande over tid. Det blir fort til at butikken hamnar i ein sirkel der sviktande handel fører til meir svinn, som igjen fører til eit dårlegare vareutval. Då blir butikken mindre attraktiv, og omsetnaden held fram med å falle.

Den sviktande handelen gjer at Therese og Avital kan måtte ta eit viktig val. Skal dei satse vidare på butikken, og håpe at dei kan snu utviklinga, eller skal dei utforske andre moglegheiter? Førebels er dei ikkje sikre på svaret.

– Slik det er no kan vi ikkje drive over tid, og vi står difor overfor eit vegskilje der den næraste framtida vil avgjere om vi må avvikle butikken, fortel dei.

Viktige funksjonar

Dei er snare med å streke under at dette ikkje handlar om nokon «redningsaksjon». Det dei treng er kontinuitet i handelen gjennom heile året. Dei treng både fastbuande og hyttefolk, og dei må legge igjen meir pengar i butikken enn det dei gjer no.

Dei fortel at det i tunge tider kan vere vanskeleg å halde på motivasjonen. For det å drive butikk, og spesielt nærbutikk, er ikkje ein jobb. Det er ein livsstil, der timane ein legg ned ofte strekkjer seg langt over dei vanlege 37,5 timane arbeidstakarar flest opererer med. Samtidig sit det langt inne å bestemme seg for å legge ned butikken. For den har ei svært viktig rolle i lokalsamfunnet.

– Ein nærbutikk er noko anna enn ein vanleg butikk. Ein nærbutikk i eit lite bygdesamfunn er ofte knutepunkt og fyller mange funksjonar i kvardagen. I tillegg til den daglege handelen bidreg butikken med pakkeutlevering, sal av apotekvarer og vareutlevering heim til dei som har behov for det. For enkelte kan dette vere einaste måten å handle på, fortel dei.

Glade i kundane

Butikken tilbyr også leveranse ved ulike arrangement i bygda, og dessutan utleige av møte- og selskapslokale. Kaffikroken er på plass, og har blitt eit tilbod mange set pris på. For mange set stor pris på butikken, og Therese og Avital er også veldig glade i kundane sine.

– I tunge tider kan det skorte på motivasjonen vår til å drive vidare. Difor set vi umåteleg pris på våre lojale kundar, både «gamle» og nyinnflytta som heilhjarta støttar butikken vår i kvardagen. Tusen takk, seier dei.

Dei skulle berre hatt litt fleire av dei. Kundane. Det er difor dei no fortel om situasjonen sin på Facebook, og har takka ja til å la Firdaposten fortelje den same historia.

– Kanskje tenkjer ein ikkje så mykje over kor viktig det er for nærbutikken sin eksistens at kvar og ein av oss vel å handle lokalt. Det betyr veldig mykje for oss og butikken vår at du er bevisst på dette. Vi håpar at du ser på nærbutikken som eit positivt og viktig bidrag i det vesle bygdesamfunnet vårt. Skal det vere «liv laga» for butikken i Leirgulen i framtida, må omsetninga opp og haldast stabil. Ved å velje nærbutikken, støttar du også eit levande lokalsamfunn, avsluttar dei innlegget på Facebook.