Testa over 160 korona-prøver i helga

Helse Førde analyserte korona-prøver gjennom helga.

DEL

Fredag analyserte Helse Førde 300 innsendte korona-prøver, og ingen av dei var positive for Covid-19.

Laurdag og søndag analyserte helseføretaket høvesvis 93 og 70 prøver. Alle prøvene var negative.

I dagane før vart det oppdaga tre positive prøver, to av dei med tilknytting til Florø. Den eine var ein tilsett sjukepleiarstudent frå Bergen på Furuhaugane omsorgssenter, den andre var ein tilreisande gjestearbeidar frå Aust-Europa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken