For Bremanger sin del vart denne prosentdelen noko lågare, grunna tapet i Høgsterett mot Danske Bank.

Artikkelserie om Terra-saka

Firdaposten har samanfatta vegen inn og ut av Terra-knipa i ein artikkelserie, som er samansett av fire skriftlege artiklar og to rullefortellingar, ein om vegen inn i Terra-skandalen og ein om vegen ut.

Les også

Bremanger sin veg inn og ut av Terra-fella

I sluttrapporten oppsummerer advokatane Stein-Erik Stinessen, Caroline Lund og Ulf Larsen i firmaet Lund og Co kva læring og kunnskap saka har skapt.

Burde vere pensum

Terrasaka viser ein kultur og eit system i finansbransjen så ridd av profittomsyn, at alle andre omsyn må vike. Advokatane meiner det mest oppsiktsvekkande er at profittomsyn ikkje motiverte til handlingar overfor profesjonelle investorar, men mot offentleg sektor og mindre kommunar.

Historia viser vidare til at finansekspertane skreddarsydde og konstruerte produkt for å omgå det same lovverket som skal beskytte økonomien i kommunane. Og at lovverket som skulle beskytte kommunane viste seg å vere altfor svakt.

Økonomistyring og finansforvaltning bør prioriterast i opplæringa av nye folkevalde, gjerne med konkrete eksempel frå Terra-saka. Dei bør også vere del av lærebøker for kommunesektoren. 

Advokatane Stinessen, Lund og Larsen

Blind tillit

Korleis kunne kommunane stole så blindt på råda dei fekk frå Terra Securities?

I den innleiande fasen i saka blei kommunane fortalde at med sparebankane som eigarar, kunne dei stole på at det var trygt, seriøst og sikkert.

– Med eit langvarig forhold mellom sparebankane og norske kommunar, var det ingen som trudde at sparebankane ville «kaste sitt eige selskap under bussen». Det var likevel det som skjedde, skriv advokatane.

Gjennom ein komplisert selskapsstruktur, var det oppretta eit eigarselskap som sparebankane ikkje såg nokon grunn til å redde. Dessutan vart dei åtte ordførarane møtt med ei kald skulder av sparebankane då kommunane bad dei om å bidra til å finne løysingar og redusere tapa.

– Tida har gått frå oppfatninga av sparebankane som lokalsamfunna sin forlenga arm, dersom vi skal legge til grunn erfaringane i Terra-saka.

Vik-brevet blei avgjerande

Men den direkte utløysande katalysatoren i saka var at Kommunaldepartementet gikk god for at kommunane lovleg kunne ta opp eit banklån med sikkerheit i kraftinntektene for å plassere millionane i aksjesparing.

Utan departementet si godkjenning i det såkalla Vik-brevet, viille det ikkje ha blitt noko Terra-skandale, oppsummerer advokatane i Lund & Co.

Konfrontert med dette i 2008 sa Erna Solberg:

- Som kommunalminister på tidspunktet vil eg beklage at justisdepartementet si lovavdeling i dag har kome til ein annan konklusjon enn det kommunaldepartementet gjorde i 2002.

Vik-brevet låg ved alle investeringsvedtak i Terra-kommunane og Solberg nektar ikkje for at Terra brukte det i si marknadsføring. Men ho vil likevel ikkje ta skulda for heile skandalen, fordi ho meiner at kommunane gjekk mykje lenger enn å investere i aksjar og braut fleire reglar i kommunelova enn det departementet tok stilling til i 2002.