Går heilt til Høgsterett

Rådmann: Tom Joensen.

Rådmann: Tom Joensen.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Trass medhald i to rettsinstansar er ikkje Terra-saka over.

DEL

Høgsteretts ankeutval har gitt Danske bank rett i at Høgsterett må behandle saka på prinsipielt grunnlag.

– Vi er litt overraska, seier rådmann Tom Joensen til Firdaposten.

Medhald i to rettsinstansar

I sommar blei det forlik mellom dei sju Terra-kommunane og DNB. Men parallelt har Danske Bank og Bremanger hatt ei eiga sak gåande om derivatavtalane. Det står om 110 millionar kroner.

Bremanger har fått medhald i to rettsinstansar, nærare bestemt Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett, men no går altså saka vidare til Høgsterett.

Saka skal opp i heile si breidde.

– Vi veit framleis ikkje kva som kjem til å bli vektlagt, seier Joensen.

Neppe før nyttår

Rådmannen veit heller ikkje noko om tidshorisonten.

– Normalt er det ikkje så mykje ventetid i Høgsteretten, men eg blir overraska viss det skjer noko på denne sida av årsskiftet. Advokatane må jo få tid til å førebu saka.

Saka har hengt som ei mørk sky over Bremanger sidan 2008.

– Ein må berre leve med at kverna av og til malar sakte, seier han.

Artikkeltags