Vil spisse meir enn før

KLARARE SKILLE: Hovudtrenar Terje Rognsø fortel dei vil gå inn i 2016 med eit klarare skille mellom A-laget og utviklingsgruppa under. Laurdag var det klart at Florø får ny tillit både i 3. divisjon og 2. divisjon i 2016. Foto: David E. Antonsen

KLARARE SKILLE: Hovudtrenar Terje Rognsø fortel dei vil gå inn i 2016 med eit klarare skille mellom A-laget og utviklingsgruppa under. Laurdag var det klart at Florø får ny tillit både i 3. divisjon og 2. divisjon i 2016. Foto: David E. Antonsen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Varslar endringar i Florø Fotball.

DEL

Dei gapte høgt Florø Fotball då dei før sesongen sa dei skulle prestere i toppen av 2. divisjon og halde B-laget i 3. divisjon med ein samla økonomi som er under enkelte 3. divisjonslag.

Det har vore ei reise i bokstaveleg forstand. Men laurdag etter at Florø 2 slo Skarbøvik 3–0 var målsettinga levert. Trass alt.

"Vi er av dei beste i divisjonen heime, og av dei dårlegaste borte. Dette er må vi finne ei forklaring på".

Terje Rognsø

Hovudtrenar Florø Fotball

Mange skader gjennom sesongen har først til store utfordringar. Likevel har førstelaget kjempa i toppen bak suverene Kongsvinger.

Vil vere i toppen

– Vi har eit uttala ønske om å konkurrere i toppen. Ser vi på sesongen i år er vi tre poeng ifrå 2.-plassen og er litt skuffa. Den haldninga likar eg. Å gape så høgt med det vi har av folk, både når det gjeld spelarar, trenarar og apparat er ein prestasjon, seier hovudtrenar Terje Rognsø.

No skal sesongen evaluerast og her får ein sprikande statistikk eit tydeleg søkelys. For Florø har tatt heile 27 poeng på heimebane. Det er heilt i toppen, men dei har berre tatt elleve poeng borte. Dette er heilt i botnen. Kva tiltak dei kjem til å sette i verk før neste år er for tidleg å seie noko om. Men ei endring føre 2016-sesongen er klar.

– Vi får ein A-stall der det blir eit sterkare skille mellom A-laget og utviklingsgruppa under. I år har vi ikkje hatt ein A-stall. Vi har vore ei treningsgruppe på 45 spelarar. Neste år blir det sett strengare krav til å spelarane som ønsker å vere med i det gjævaste selskapet, seier han.

I år har heile 34 spelarar spelt i 2. divisjon for Florø Fotball noko som er heilt spesielt for laga i divisjonen.

Førde og Florø

Rognsø meiner at om Sunnfjord skal få eit lag over 2. divisjon i Sunnfjord er det ei ulempe at begge klubbane speler i 2. divisjon. At begge sunnfjordklubbane speler i 2. divisjon i 2016 var klart etter at Førde vann mot Kongsvinger heime laurdag. På den andre sidan meiner han ramma og engasjementet kring lokalderby-kampane mellom Florø og Førde er viktig for interessa.

– Skal sunnfjordfotballen opp, så trur eg vi øydelegg vi for kvarandre, men vi treng også engasjementet desse møta mønstrar, seier han.

No er dei komme lenger med planlegginga føre neste sesong enn dei har vore før, sjølv om ingenting er avklart. No er det budsjettet som vil avgjere kor dei kan legge lista.

Berekraftig

– Vi har hatt ein strategi i Florø Fotball at vi ikkje kan satse og håpe det vil ordne seg undervegs. Sportsleg utvikling krev pengar og før neste sesong må opplegget vere betre skal vi kunne gjenskape eller toppe prestasjonane frå i år, svarar han.

Artikkeltags