Klokka 04.17 natt til søndag vart det meldt om ei trafikkulykke på Fv 615 Hyevegen i Gloppen kommune.

Ein bil hadde køyrd utfor vegen og ned ein skråning, før den hamna i ei elv.

Det var tre personar i bilen, alle ungdommar i slutten av tenårene, og alle kom frå ulykka utan alvorlege skader.

Det er oppretta politisak på hendinga, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt seier til NRK at det ikkje er mistanke om køyring i rusa tilstand.