I morgon kjem ho til Florø

Artikkelen er over 2 år gammel

Gro Hammerseng-Edin ønsker å vere ein pådrivar for at kvinner skal tørre å ta på seg leiarverv og ekspertrolla i større grad enn det som er tilfellet i dag.

DEL

Det er noko av det handballegenda vil fokusere på når ho kjem til Florø og Temposeminaret i morgon, fredag 3. november, med føredraget «29-29 og 5 sekund igjen».

Gro Hammerseng-Edin er for dei fleste kjent som ei av Norges mest meritterte og mest erfarne handballspelarar. Ho debuterte for landslaget alt i 2000, og har sidan vore med og tatt medaljar i fleire EM, VM og OL.

– Gro har lang leiarerfaring og brei kompetanse. Ho har vore kaptein på alle lag ho har spelt på, mellom anna landslagskaptein i fleire år. Og fram til ho la opp som aktiv handballspelar i år, var ho kaptein på Larvik HK – der ho framleis sit i styret. Erfaringa ho har som profilert, merittert leiar og mellomleiar i desse rollene, samt erfaringa frå tett samarbeid med Marit Breivik, Thorir Hergeirsson og Ole Gustav Gjekstad, har gitt ho ei unik plattform til å reflektere kring leiarrolla, seier Temposeminar-leiar Per Øyvind Helle.

– Gro trivast med å halde føredrag om tema som samspel/lagarbeid, prestasjonskultur og leiing, bevisstgjering av roller på jobb/heime og kulturbygging. Ho ønsker å vere ein pådrivar for at kvinner skal tørre å ta på seg leiarverv og ekspertrolla i større grad enn det som er tilfellet i dag, seier han.

Gro har fleire tematiske føredrag på gang, og på Temposeminaret vil ho komme inn på fleire av desse – der mange av dei ligg nært opptil tematikk ho kjem inn på i boka «Anja + Gro = Mio. Kunsten å få barn».

- Vi gler oss til å lytte til og bli inspirert av ei levande norsk idrettslegende med historier og erfaringar frå ei innhaldsrik og unik karriere, seier Helle.

Framtid og sentralisering

Tema for årets seminar er «Framtid». Det er noko føredragshaldar Kjell Nordstrøm vil ta nøye for seg, i eit økonomisk perspektiv.

Nordstrøm er ein av verdas mest anerkjente management-guruar, og i Florø skal han halde føredrag med tittelen «Framtid; økonomiske trendar globalt og lokalt».

– Eit føredrag med hans tankar og professorale teoriar om økonomisk utvikling og framtid er ikkje noko du høyrer på – du lyttar og lærar. Den karismatiske svenske økonomiprofessoren, management-tenkaren og bestseljande forfattaren, har ei eiga evne til å trollbinde sitt publikum. Han har sylskarpe refleksjonar, er nytenkande og underhaldande, fortel Helle.

(Saka held fram under bildet)

Nordstrøm si siste bok, Urban Express, går i detalj om kva den nære framtid vil bringe til sivilisasjonen. Saman med sin medforfattar, Per Schlingmann, ser dei ei stille revolusjon fronta av byar og kvinner. Dei ser multinasjonale selskap som blir transformert til multi-urbane selskap. Dei ser at «det urbane» blir det nye «svarte» og ordførarar og borgarmeistrar blir «statsministrar» i vår æra. Dei ser behovet for ny, ikkje-digital kompetanse og dei ser eit samfunn som er på eit ekspresstog på veg mot total urbanisering. Nordstrøm sine framtidsteoriar er sjølvsagt høgst relevante for «rurale» Sogn og Fjordane, noko han vil eksemplifisere.

– Nordstrøm er godt kjent i vår region; han er rådgjevar for så vel lokale verksemder som for globale multinasjonale selskap. Han kjem også med råd om korleis lokale bedrifter skal halde på konkurransekraft i det framtidsbildet han teiknar. Her får ein oppleve og lytte til ein av verdas store økonomi-tenkarar, seier Helle.

Saman med Jonas Ridderstråle skreiv Nordstrøm også bestseljaren «Funky Business: Talent Makes Capital Dance» – eit bok som har fått merkelappen «eit manifest over kva krav vår tid og framtid set til utviklinga av bedrifter og leiarane deira».

Nordstrøm er professor på Institute of International Business (IIB) på Stockholm School of Economics. Han er også kjent for å vere ei av verdas leiande forskarar på multinasjonale selskap og den globale marknaden.

Verdsrommet, teknologi og omstilling

Astrofysikar Eirik Newth er det tredje namnet som er klart for årets Temposeminar. Han kjem med føredraget «Framtid; velferdsteknologi og det langsame grøne skiftet».

(Saka held fram under bildet)

Newth har sidan 1990 vore forfattar og formidlar av vitskap, teknologi og framtidstenking.

– Newth er eit sprudlande unikum av ein føredragshaldar; energisk, pedagogisk, humoristisk – og alltid på nyfiken jakt etter «det nye». Og det er ulike framtidsscenario om «det nye» han skal halde føredrag om på Temposeminaret, seier Temposeminar-leiaren.

Newth vil ta føre seg både velferdsteknologi og det grøne skiftet. Innan velferdsteknologi vil han snakke om korleis skiftande demografi, betre helse og lengre levealder vil påverke kjøpevanar, produksjon og forbruk etc., og korleis dette vil ha implikasjonar for framtidas bedrifter.

Når det gjeld «det langsame grøne skiftet», vil han snakke om kvifor omstillinga til eit berekraftig samfunn vil ta mykje lengre tid enn vi trur i dag, og korleis dette også gir oss nokre fordelar.

Newth har skrive eit halvt tusen artiklar og 24 bøker som er omsett til 20 språk, og er ein hyppig brukt mediekommentator.

Nokre av tema Newth er oppteken av, er Norge i 2040, automatisering, tingas internett og smarte system, kommande IT-revolusjonar, kultur i eit framtidsperspektiv, og vår framtid i verdsrommet.

Fjord1-oppkjøparen

I tillegg kjem Per Sævik for å halde føredraget «Frå bølgjedal til bølgjetopp – bli med på reisa».

Gründer og samfunnsbyggar Sævik brukar Fjord1-oppkjøpet som døme for dei menneskelege og forretningsmessige verdiar og prinsipp han legg til grunn i livet og næringslivet.

Sistemann ut er Adrian Lund, 71 grader Nord-deltakaren med Tourettes syndrom. Tittelen på føredraget hans er «Ett stk Tourettes syndrom – annerledeshet som ressurs».

Adrian frå 71° nord har Tourettes. Han presenterer verktøy du treng for å finne meistringskjensle – og du lærer korleis å nytte alle ressursane i arbeidsstokken din. Det morosame og sterke føredraget til Adrian får særs gode tilbakemeldingar.

– På Tempobanketten vil fantastiske Henning Stranden og Maria Mohn underhalde med sitt sprudlande, musikalske og humoristiske show. Dei har tidlegare gjesta Temposeminaret med stor suksess, fortel han.

 
 
Temposeminaret
2017// Fredag 3 november

Suksessfaktorar i livet – og næringslivet.

Florø, Flora Samfunnshus

kl 09.10 – 15.45

Temposeminaret er det største årlege inspirasasjonsseminaret i Sogn og Fjordane. Dette er årets føredragshaldarar, fredag 3 november i Florø

Gro Hammerseng-Edin - «29-29 og 5 sekund igjen»

Føredraget handlar om samspel/lagarbeid, prestasjonskultur og leiing, bevisstgjering av roller på jobb/heime og kulturbygging. Hammerseng-Edin ønskjer også å vere ein pådrivar for at kvinner skal tørre å ta på seg leiarverv i større grad. Opplev og bli inspirert av ei levande norsk idrettslegende med erfaringar frå ein unik karriere.

Kjell Nordstrøm –Framtid; økonomiske trendar lokalt og globalt”

Han er ein av verdas mest anerkjente management guruar og ein glimrande føredragshaldar.  Nordstrøm sine tankar og professorale teoriar om økonomisk utvikling og framtid, er ikkje noko du høyrer på – du lyttar og lærar. Den karismatiske svenske økonomi-professoren har ei eiga evne til å trollbinde sitt publikum.

Ole Petter Nyhaug - "Når menneske møter teknologi"

Som medeigar og kreativ leiar i analysebyrået Opinion har Nyhaug spesialisert seg innan trendanalysar og forbrukarinnsikt med fokus på innovasjon. Han vil fokusere på korleis teknologi og digitalisering vil forme liva våre, med utgangspunkt i mennesket. Han vil peika på kva konkrete trendar og forventningar som må bli oppfylt av alle som ønskjer å lykkast med tenester, produkt, kommunikasjon eller relasjoner med menneske i åra framover. Nyhaug har gjennom mange år jobba på globalt nivå for t.d Coca-Cola, Audi, IKEA, Vodafone og Phillips. Han har fleire gonger blitt nominert som årets føredragahaldar, og føredraget  på NHO´s Årskonferanse 2016 blei kåra til beste føredrag.

Per Sævik - ”Frå bølgjedal til bølgjetopp – bli med på reisa”

Gründer og samfunnsbyggar Sævik brukar Fjord1-oppkjøpet som døme for dei menneskelege og forretningsmessige verdiar og prinsipp han legg til grunn i livet og næringslivet.

Adrian Lund – ”Ett stk Tourettes syndrom – annerledeshet som ressurs”

Adrian frå 71° nord har Tourettes. Han presenterer verktøy du treng for å finne meistringskjensle – og du lærer korleis å nytte alle ressursane i arbeidsstokken din. Det morosame og sterke føredraget til Adrian får særs gode tilbakemeldingar.

Les meir om føredragshaldarane på www.temposeminaret.no

Tempobanketten – Henning Stranden og Maria Mohn

Tempobanken på Kysten Restaurant, fredag 3 november,  gir deg god mat, drikke og prat – og ikkje minst underhaldning. Maria Mohn og Henning Stranden har fått kjemperespons på sine musikalske show. Med musikalsk leikenheit og ikkje så reint lite galskap treff dei to – saman med Torbjørn Kvamme -  så det susar. Trioen serverer saftige musikalske parodiar, nokre versjonar av kjente slagarar du slett ikkje kunne tenke deg fantes – og duettar med overraskande vendingar. Sjå www.temposeminaret.no for påmelding.

Artikkeltags