PODCAST: Vinterkulda har bite seg fast i Florelandet, og i den anledning har Tempopodden, i samarbeid med Arne Hjorth Johansen, kokt opp ei suppe av ein podcast, som dei spesielt interesserte kan varme seg på mens dei venta på å endeleg bli fri for allvêrsjakkas tyranni.

I dagens episode, får ein mellom anna svar på kven FK Tempo skal møte (gitt at det blir noko av) i årets sesong, kva Buamannen synest om utviklinga i Florø Fotball, og kvifor OnlyFans er gått forbi merchandise i prioriteringsrekkefølga til Tempopodden.

I tillegg til dette, har Kristian ei høne å plukke med hanen i Havreneset, Benjamin lanserer ein ny hashtag, og Arne fortel om korleis han enda opp med illeluktande fingra etter besøk av ein villkatt i senga.