Let's gooo! I motsetning til breiddefotballen, er Tempopodden endeleg tilbake igjen etter sommarferien.

I haustens første episode, går Tempopodden tilbake til røtene. Ingen gjester, tilbake i Firdaposten sine lokale og null idé om kva episoden skal innehalde.

Episoden inneheld eit unikt innblikk i årsaka til at Folkepodden ligg brakk, Benjamin sitt siste stunt i lokalavisa, oppdatering av både binge- og bustadsituasjonen i Breivika, Florø Fotball og verbale memoarar frå romjulscupens mange dommarkontroversar.

I tillegg til dette, blir det introduksjon av den nye spalta «spør tannpleiaren», vidareføring av den sporadiske spalta «ring Ole» og mykje anna laus-i-snippen-inspirert materiale.

Og om det er nokon som saknar podcast frå Firdaposten kan vi kome med ein gladnyheit. Vi er tilbake med ny podcast og nytt konsept neste veke. Hald ut!

Tempopodden finn du her:

I tillegg finn du den på Spotify, og stort sett overalt der podcastar samlar seg.