Gå til sidens hovedinnhold

Tempopodden feirar gullklokkeepisoden med besøk av Firdaposten-redaktøren og verdas dummaste mann

25 episodar er unnagjort, og det er på tide med evalueringsmøte. Dagens gjest er sjefen sjølv, Svend Arne Vee, akkompagnert av kunst og handverk-entusiast Arne Hjorth Johansen.

I dagens episode, gir Benjamin sin evaluering av Kristian sin prestasjon i sidespranget med Quizosiadote, og Svend Arne kjem med retningslinjer til Tempopodden.

Dagsaktuelle tema frå fotballverda blir diskutert, og gjestane fortel om livet som lokaljournalist. I tillegg til dette, får ein høyre kva Benjamin fekk på pukkelen for frå øvste hold i kommunen, korleis Kristian er i ferd med å slå seg sjølv personleg konkurs, kven Arne Hjorth Johansen synest fortener tittelen som «verdas dummaste mann», og kvifor Svend Arne betalte for å sjå tannlause menn med høge køller gyve laus på kvarandre.

Podcasten høyrer du her

Du kan også finne både denne og eldre episodar på andre oppsamlingsplassar for podcastar. Som til dømes her på Spotify:

Sjekk gjerne også Quizosiadote

Kommentarer til denne saken