Tempopodden går den vanskelege andresesongen i møte med friskt pågangsmot, og eit snev meir progressivitet enn fjoråret.
Korleis gjekk det når Elise Angermo Fossland fekk den tvilsame æra med å vere tidenes første kvinnelege gjest? Harmonera det som ein tidlaus symfoni, eller resultera det i ei hodepineframkallande allsong-låt?
I dagens episode, får ein mellom anna svar på kvifor Firdapostens nyaste tilskot valde å prøve lykka i ein by som ligg to reisedøgn unna heimbyen, kven Ødegaard skal danke ut i Arsenal, kva som er dommen på Florø fotball sin såkalla lokale satsing, og kven som har forsnakka seg i møte med Tempopoddens nyaste spalte: Buamannen
I tillegg til dette, fortel Kristian om korleis choking på kamera har øydelagt framtidige karrieremoglegheiter, Benjamin mimrar tilbake til karrieren som turnerande vokalist, og Elise avslører sitt prisvinnande talent.
Høyr podcasten her: