Linda (25) var i det førebels siste kullet subseaingeniørar utdanna i Florø. No treng oljenæringa fleire som ho.

FÅTT JOBB: Linda Monslaup Helgesen var blant dei som gjekk ut av det førebels siste kullet subseaingeniørar utdanna i Florø. Ho har fått ein fot innanfor Equinorsystemet, no når ho har jobba som logistikkplanleggar ved basen deira i Florø.

FÅTT JOBB: Linda Monslaup Helgesen var blant dei som gjekk ut av det førebels siste kullet subseaingeniørar utdanna i Florø. Ho har fått ein fot innanfor Equinorsystemet, no når ho har jobba som logistikkplanleggar ved basen deira i Florø. Foto:

TEMA: Olje- og gassnæringa treng fleire ingeniørar i tida som kjem.

DEL

Tema utdanning:85 prosent av NHO-bedriftene innan olje og gass treng fleire ingeniørar i dei kommande fem åra. Det viser tal frå NHO sitt kompetansebarometer for 2018. Olje og gass er faktisk den sektoren av medlemsbedriftene deira som treng flest ingeniørar i tida som kjem. Det er godt nytt både for subseautdanninga i Florø, og for studentane som allereie er ferdig med utdanninga og som no er ute i jobbmarknaden.

Blant desse er Linda Monslaup Helgesen (25) frå Alversund.

Ein fot innanfor

Nordhordlendingen var blant det førebels siste kullet subseastudentar i Florø, og gjekk ut i jobbmarknaden våren 2018. No jobbar ho i eit halvtårsvikariat som logistikkplanleggar ved Equinor sin forsyningsbase i Florø, eit vikariat som går ut i februar. Men Linda er ikkje uroa over å måtte gå ut i jobbmarknaden att, for stillingane som blir lyste ut blir berre fleire og fleire. Og så har ho ein fot innanfor på oljebasen i Florø. Det er ein fordel.

– Eg har dessutan lært veldig mykje her i Equinor som er relevant for framtidig arbeid. Og så har dette vikariatet vore viktig med tanke på å knyte nettverk lokalt. Det har for så vidt høgskulen vore flinke til også, gjennom samlingar der vi studentane trefte næringslivet. Ingeniørutdanninga eg har teke er også såpass brei at eg er attraktiv innan mange felt og ikkje berre innan subsea. Det er definitivt ein fordel. I tillegg er det fleire relevante jobbar som blir lyste ut, seier Helgesen.

Ein ting er ho tydeleg på. Ho ønsker å bli i Florø, om det let seg gjere.

– Eg trivest veldig godt i Florø. Her vil eg bli, om eg får jobb, smiler ho.

Næringslivet må på bana

Studiekoordinator Øyvind Østrem ved Høgskulen på Vestlandet sin avdeling i Florø er i full gang med rekrutteringa av dei framtidige ingeniørstudentane som skal fylle studentkvartalet i Strandgata med nytt liv. Mellom anna gjennom det fylkesdekkande rekrutteringsprosjektet som skal komme dei fem ulike ingeniørstudia i Sogn og Fjordane til gode. Men det er ikkje nok i seg sjølv, peikar Østrem på.

– Det viktigaste med tanke på auka rekruttering er likevel at næringslivet sjølv går ut og seier at dei har behov for denne typen ingeniørkompetanse. Ungdomen må vite at det er jobbar å få i andre enden. Det er difor gledeleg at NHO sitt kompetansebarometer viser at 85 prosent av bedriftene innan olje- og gassektoren faktisk ønsker fleire ingeniørar.

Norsk olje og gass, som er NHO sin landsforeining innan olje og gassnæringa, representerer 100 bedrifter med totalt 180.000 arbeidstakarar. Generelt opplever NHOs bedrifter aktivitetsauke for tida, og treng dermed fleire tilsette, seier politisk rådgjevar Magnus Brekke Nygaard i NHO Vestlandet.

– Pilene for våre medlemsbedrifter i Sogn og Fjordane, der mellom anna olje og gassnæringa er stor, peikar oppover. Situasjonen for dei eksportretta bedriftene er betre enn den har vore på sju år. Og høgare aktivitet blir omsett i fleire jobbar. Det er behov for mellom anna maskiningeniørar, prosessingeniørar og petroleumsingeniørar. Men dei har også behov for kjemiingeniørar og elektroingeniørar, legg Nygaard til.

Ser lyst på framtida

Dette er det tredje året der det ikkje har vore tekne opp nye studentar ved høgskuleavdelinga i Florø. Men det er ingen planar om å legge ned avdelinga. Gjennom utviding av studiet til Havteknologi, kan studentane som kjem til Florø no velje om dei vil spesialisere seg innan petroleumsrelatert subseateknologi, eller gå mot havbruksbransjen. Det viktigaste no blir å få havteknologilinja opp og gå.

– I fjor var vi heilt på grensa til å kunne starte opp eit nytt kull, men det var dessverre framleis litt for få søkarar. Startar vi med eit for lite kull, vil det ikkje vere økonomisk berekraftig. Ein må vere minst 20 til 25 studentar. Og på sikt ønsker vi å utvide fagsamansettinga til også å inkludere fleire fag innan fornybar energi. Pilane for oljenæringa peikar klart oppover, havbruksnæringa går som det grin og sektoren for fornybar energi er i sterk vekst, så eg ser lyst på framtida, avsluttar Østrem.

Artikkeltags