Neptune har bestemt seg for utbygging: Cara skal koplast til Gjøa

Gjøa-plattformen - operatør Neptune Energy AS

Gjøa-plattformen - operatør Neptune Energy AS Foto:

TEMA: Det går mot ei utbygging av Neptune Energy sitt Cara-funn.

DEL

Operatøren Neptune Energy har, på vegner av Cara-lisensen, levert rapport for konseptval, «Beslutning om vidareføring» (BOV), til Olje- og energidepartementet.

Prosjektet går nå over i defineringsfasen, der partnarskapet skal gjennomgå tekniske og økonomiske detaljar, før ein endeleg investeringsvedtak blir tatt. Det skriv Neptune Energy i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Like ved Gjøa

Cara-funnet 6 kilometer nordaust for Gjøaplattforma og 60 kilometer frå Florø, vart det største olje- og gassfunnet i 2016 og er rekna til å innehalde 3,7 millionar Standard kubikkmeter (Sm3) olje, noko som svarar til mellom 56–94 fat olje.

I tillegg er det rekna til å innehalde 8,1 Sm3 med gass.

Konseptet Neptune Energy har landa på er, kanskje ikkje overraskande, ein subseainstallasjon med tilknyting til Gjøa for prosessering og transport vidare. Gjøa vil også gi gassløft til feltet.

– Ved å kople seg til eksisterande infrastruktur i området, har partnarskapet valt den beste løysinga for å utløyse maksimal verdi frå feltet, skriv Neptune Energy i pressemeldinga.

Langsiktig perspektiv

– Med avgjeringa om vidareføring av Cara signaliserer vi at Neptune Energy har et langsiktig perspektiv i Norge. Dette er den andre utbygginga på norsk sokkel der vi er operatør, og vi bruker kunnskapen og ressursane våre til å finjustere konseptet for Cara. Neptune Energy er overbevist om at vi har valt den mest økonomisk robuste løysinga for feltet, og de neste månadene vil vi jobbe tett med partnarane for å lage ein plan som tar Cara framover, seier dagleg leiar Anne Botne i Neptune Energy Norge.

Fleire studiar skal nå fullføres før den endelege investeringsvedtaket blir tatt, og ein plan for utbygging og drift (PUD) sendast til Olje- og energidepartementet i første halvdel av 2019.

Artikkeltags