Telenor aukar uvêr- beredskapen

Telenor sitt operasjonssenter.

Telenor sitt operasjonssenter.

Artikkelen er over 5 år gammel

Har kalla inn ekstra personell, beredskapsutstyr står klart.

DEL

Telenor har iverksett fleire tiltak for å redusere kundekonsekvensar av eventuelle utfall og feil som kan oppstå i samband med stormsenteret som er venta inn mot Vestlandet laurdag. Ekstra personell er kalt inn og beredskapsutstyr klargjort.

- Vi er førebudd på at uværet kan påverke og skade våre installasjonar, og har derfor ekstra beredskap gjennom helga. I område som blei berørt av uvêret "Dagmar" i 2011 har vi gjort spesielt mykje på batteri-sida. Dermed er situasjonen der betre enn nokon gong, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Norge.

Driftsmiljø og entreprenørar i beredskap

Alle driftsmiljø i Telenor har gjennomgått sine beredskaps- og vaktplanar med sikte på å kunne handtere ekstraordinære situasjonar. Entreprenørane er også i beredskap og ekstra ressursar er kalla inn frå andre fylke for å sikre tilstrekkeleg kapasitet til å handtere eventuelle feilsituasjonar.

- Når vi ser at slike vêrsystem er på veg, har vi gode rutiner på å sjekke alle beredskapslager for reservedelar, sørge for at vi har mobile basestasjonar som kan rykke ut på kort varsel ved behov og klargjere entreprenørkorpset for feilretting. Når det er sagt, vil kraftig uvêr alltid kunne slå ut straum- og teleinstallasjonar. Folk må derfor vere førebudde på at feil vil kunne skje og at rettearbeid vil kunne ta noko tid, seier Amundsen.

Vedmnaudsituasjonar der telefonnettet er utilgjengeleg tilrår Telenor føljande:

- I naudsituasjonar kan ein ta ut SIM-kort eller omstarte mobiltelefonen utan å taste PIN-kode. Mobilen vil då automatisk søke etter andre nett som kan vere operative i området – slik at einn kan ringe 112. For at dette skal fungere må anna nett vere tilgjengeleg.

- Der telefoni er berørt, men ikkje breiband, kan ein kommunisere over internett, via mail, chat, Facebook, Facetime, Skype eller lignende. Det kan vere lurt å avtale alternativ kommunikasjonskanal med familie og venner før ein situasjon eventuelt oppstår.

- Har du kun fasttelefon kan du orientere deg om kven som har mobiltelefon i området der du bur. Har du kun mobiltelefon kan du orientere deg om kven som har fasttelefon.

- Sei frå til venner eller familie dersom du skal deg inn i område utan dekning.

- Dersom du ikkje har dekning der du er, kan du i enkelte tilfeller finne dekning ved å forflytte deg til andre område.

Artikkeltags