Gå til sidens hovedinnhold

Telenor søker pilotbrukarar til 5G-nett

Artikkelen er over 1 år gammel

KOMMUNIKASJON: 5G-pilotprosjektet har gått føre seg i eit par månader med eit særs avgrensa tal brukarar.

Erfaring frå desse brukarane er gode, og piloten skal over i ein ny fase. Telenor ønskjer no å rekruttere inntil 50 pilotbrukarar til denne fasen.

Pilotbrukarane Telenor ønskjer å rekruttere må vere innanfor ein radius på 5 kilometer frå mobilstasjonen på Flokeneset. Det betyr at piloten dekker område i både Askvoll, Kinn og Sunnfjord kommunar (sjå kartet ovanfor).

Les også

Skal teste ut 5G i Flokeneset

Telenor har problem med å få rekruttert tilstrekkeleg med brukarar for å teste løysinga. Mange av brukarane har reservert seg mot telefonsal, og Telenor har difor problem med å nå ut til potensielle brukarar direkte.

Du kan registrere interesse for å teste løysinga i dette skjemaet.

Kommentarer til denne saken