Gå til sidens hovedinnhold

Telefonsvindlar gir seg ut for å vere frå politiet

Vest politidistrikt åtvarar folk mot å gje frå seg personleg informasjon via telefon.

Ein pågåande person som snakkar austlandsdialekt ringer rundt og prøver å få folk til å gje opp bank-kontonummer og personnummer.

-Dette er ikkje informasjon ein skal gje frå seg via telefon, understrekar Vest politidistrikt via Twitter.

Dei har fått to meldingar frå publikum. Svindelmetoden er prøvd brukt på Austlandet tidlegare.

Kommentarer til denne saken