– Det blir snakka veldig høgt og mykje om breibandutbygging. Det er lett å vere for noko som nokon andre skal utføre, og det er det som er litt av problemet i den politiske debatten rundt dette: Det blir ofte ein mismatch mellom festtalane og verkelegheita, seier Torgeir Waterhouse i teknologiselskapet Otte til Nynorsk pressekontor.

Han har tidlegare vore direktør for internett og nye medium IKT Norge og har mellom anna lang erfaring med arbeid knytt til utbygging av breiband og fiber.

Problemet ligg i kommunane

Waterhouse hevdar breibandutbygging blir hemma av alle byrdene det offentlege legg på utbyggjarane.

– Vi har kommunar som står i kø for å gjere graveforskriftene så vanskelege som mogleg. Det er eit ganske interessant paradoks. Eg er ein av mange i Noreg som har jobba med problema med graving til fiber. Det er heilt rimeleg at ein bransje møter krav, men ser ein på summen av krav dei som byggjer infrastruktur møter, og kva det gjer med totalkosten for å byggje ut, så blir det heilt urimeleg.

– Dette påverkar kor langt både offentlege og private investeringsmidlar rekk. Krava nokre kommunar stiller til utbygging, gjer at det ikkje er lønnsamt å byggje ut. Då går pengane andre stadar der ein får meir att for dei, seier Waterhouse.

Essensiell infrastruktur

Breibandsdekning er rekna som essensiell infrastruktur. Særleg har ein under pandemien merka behovet for god breibandsdekning og -kapasitet. Waterhouse meiner Noreg jamt over har eit godt utbygd breibandsnett.

– Bransjen investerer totalt sett litt i overkant av åtte til ni milliardar i året i nybygging og oppgradering. Det er enormt mykje i eit land som Noreg. Tilbodet er godt utbygd. Særleg viss ein ser det i lys av dei tre viktige storleikane topografi, demografi og geografi, seier Waterhouse.

I tillegg til investeringane frå det private næringslivet skal òg ei rekke offentlege tilskot bidra til oppgradering og vedlikehald.

– Det skal seiast at dei offentlege midla er bra tiltak, men ein kunne auka innsatsen betydeleg utan at totalkostnaden hadde blitt større. Innsatsen er ikkje god nok, men det er lett å gjere meir. Eg meiner det er paradoksalt at ein bruker meir pengar på frakt av papiraviser på laurdagar enn ein har brukt på å støtte utbygging der det ikkje er kommersielt grunnlag for å bygge ut, seier Waterhouse og legg til:

– Sett i lys av kva ein brukar på andre ting og kor mykje ein snakkar om denne infrastrukturen, så er satsinga låg.

Ikkje berre eit distriktsproblem

I media får ein òg ofte inntrykk av at manglande breibandutbygging i hovudsak er eit problem i Distrikts-Noreg. Dette er ikkje Waterhouse samd i.

– Om ein bur midt i tjukkaste Oslo eller ein stad med minst fem kilometer i kvar retning til næraste nabo, så er konsekvensen av å mangle breiband ganske like. Ein kan ha diskusjon om marginale skilnader, men jamt over er problema dei same.

– Eg bur midt i byen, og i gata eg bur i, er det folk som knapt har tilgang til breiband. Her er det igjen byrdene frå det offentlege som bestemmer kvar i landet ein har god dekning og kvar i landet ein har dårleg dekning, seier han.

Forvaltinga flytta

I 2020 overtok fylkeskommunane forvaltningsansvaret for offentleg støtte til breibandutbygging frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Waterhouse trur ikkje flyttinga av forvaltingsansvaret har gjort dei store utslaga.

– Nokon meiner det er betre med det som står fram som ei lokal tildeling og lokal forvalting, andre meiner at det er betre om ein gjer dette på nasjonalt plan. Uansett korleis ein vrir og vender på dette, så er det summen av investeringsmidlar som avgjer kva ein får til, avsluttar han.

Fakta om breiband:

  • * 99 prosent av norske hushald har tilgang på breiband i 2021.
  • * I 2020 hadde 96 prosent av norske hushald breiband.
  • * Tilgangen er dårlegast for dei med lågast inntekt. 97 prosent av låginntektsfamiliane (0-299.000 kroner) har tilgang på breiband.

Kjelde: SSB

(©NPK)