1 av 4 nordmenn går i denne fella på sosiale medier

En ny undersøkelse viser at 25 prosent av nordmenn har takket ja til venneforespørsler fra ukjente på sosiale medier.

En ny undersøkelse viser at 25 prosent av nordmenn har takket ja til venneforespørsler fra ukjente på sosiale medier. Foto:

Av

Kvar fjerde nordmann har takka ja til veneførespurnadar frå folk dei ikkje kjenner på sosiale medier.

DEL

Det viser ei undersøking YouGov har gjennomført på oppdrag for Nordea.

Det er ikkje store forskjellar i svara mellom menn og kvinner, men det er fleire yngre enn eldre som har takka ja til slike veneførespurnadar.

– Du skal tenke deg godt om før du godtar slike veneførespurnadar, rett og slett fordi det gjer deg utsett for svindel. Det seier Elin Reitan, forbrukarøkonom i Nordea.

I 2017 blei nordmenn svindla for 164 millionar kroner etter å ha blitt lurt av «kjærleikssvindlarar» på nett, ifølge Økokrim.

Ein måte svindlarane lokkar til seg ofre på, er å sende veneførespurnadar til ei mengde ukjente på sosiale medier i håp om å få napp.

– I den første av det vi kallar fire typiske fasar i ein kjærleikssvindel, sender svindlaren gjerne ein veneførespurnad for å opprette kontakt med offeret. Og ein typisk kjærleikssvindlar forsøker gjerne å lure fleire samtidig, uttaler Reitan.

Forutan å ta kontakt via for eksempel Facebook, bruker svindlarane informasjon dei finn på offerets profil til å styrke sitt truverd

– Sjølv har svindlaren gjerne lite informasjon tilgjengeleg om seg sjølv på den profilen han eller ho tar kontakt gjennom. Det er eit bevisst val, seier Reitan.

Det er ikkje berre du personleg som blir sårbar for å bli utsett for svindel når du godtar veneførespurnadar frå ukjente i sosiale medium.

– Det er ikkje uvanleg at svindlarar knyter kontakt med tilsette i ein bedrift for blant anna å lære meir om bedriftas tilsette, deira arbeidsmetodar og rutinar. Informasjonen bruker svindlarane blant anna når de nyttar seg av sosial manipulering, seier Reitan.

Ein av fire norske selskap blei utsett for svindel i 2017. Det viser tal frå Mørketals-undersøkinga til Næringslivets sikkerheitsråd. I over halvparten av tilfella er bedriftas tilsette skyld i hendinga.

– Informasjonen du opnar opp for når du godtar ein veneførespurnad frå ein ukjent, på for eksempel LinkedIn eller Facebook, kan brukast til å styrke svindlarens truverd. Svindlaren har større sjanse for å lykkes når vedkommande for eksempel kan referere til jobbarrangement og bedriftas tilsette med namn, forklarer forbrukarøkonom Elin Reitan.

(ANB)

Artikkeltags