Gå til sidens hovedinnhold

Teknisk feil gjer at tusenvis får dobbelt opp med pengar i sommar

Ein teknisk feil i Nav-systemet vil skape krøll for mange av oss i sommar.

Ein teknisk feil som Nav ikkje klarar å rette opp før sommaren, gjer at langtidsledige ikkje har rett på feriepengar, medan andre får både dagpengar og feriepengar.

Det melder Nettavisen.

I saka, som først blei omtalt i Klassekampen, går det fram at dei som har gått ledige i over eitt år og ikkje har fått seg jobb før sommaren, vil få fire veker fri frå Nav sin aktivitetsplikt og må klare seg berre med dagpengar i ferien.

For ei anna gruppe slår feilen heilt annleis ut. Dei som er permitterte på grunn av korona-situasjonen, og som ikkje har gått ledige eit heilt år, eller som kjem tilbake i jobb før sommaren, vil få feriepengar av dagpengane sine, samt fire veker fri frå aktivitetsplikta.

Arbeidstakarorganisasjonen YS er ikkje nøgde, og slår fast at feriepengar bør utbetalast til alle som har vore utan arbeid i meir enn eitt år og som går sommaren i møte som arbeidsledig.

- Det er småleg at den gruppa som har betalt den høgaste prisen for alle styremaktene sine tiltak, ikkje skal kunne feriere som alle andre, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud.

Kommentarer til denne saken