Havforskingsinstituttet har lansert fleire tips for å unngå at reiskapen går tapt i havet. Ofte kjem teiner på avvegar av at reiskapen har drive vekk. Fiskarar blir oppmoda til å gå over teinene og sjå etter eventuelle skadar, ta omsyn til vind og bølgjer når ein set teiner, og å regelmessig sjekke dei ein har sett ut.

Kanskje har du opplevd det sjølv. Du er ute og setter teiner ein vakker sommardag, med planar om å hale eit par dagar seinare. Når du kjemtilbake, er teina vekk.

– Mange trur teina er stolen, når den mest sannsynleg har drive av garde eller blitt påkøyrt av ein båt. Då ligg den på havbotn og bidreg til spøkelsesfisket, seier Alf Ring Kleiven, forskar hos Havforskingsinstituttet.

– Ei enkelt teine kan lokke til seg store mengder dyr som dør unødig. Dyrene blir utsulta, skadde og endar opp med å spise kvarandre. Når dei dør, trekker dei stadig til seg nye offer. Derfor kan ei tapt teine fiske i årevis, seier Kleiven.

Tipsa nedanfor er ein del av prosjektet «Kampen mot spøkelsesfiske i Raet nasjonalpark». I nasjonalparken i Agder har over 1.000 reiskap vorte rydda opp frå havet det siste året.

(©NPK)