Teaterstykket til regissør Tor Karseth bygger på erindringsboka til Solveig Nes, «Oppvekst ved havet», som skildrar hennar første 18 leveår i mellomkrigstida på eit fiskarbonde-bruk på Steinset vest av Kalvåg. Til denne teaterhelga kjem dotter hennar, Solrun Nes, som også har skrive bok om eigen oppvekst på gard i Hardanger, for å fortelje om mor si og parallellane mellom eigne historier. Det skjer før framsyninga på laurdag.

Skodespelartalenta Oline Strand Senneset (18) og Bertine Edvardsen (16) har hovudrollene, saman med Åsmund Vadøy som spelar Per. I tillegg er det mange unge lokale teaterspirar med i stykket.

– Det er mange talentfulle barn med, og alle skodespelarane er lokale.

Bella og Solla- og Per handlar om oppveksten til to søstrer og familiane deira på Steinset i Kalvåg omkring 1930. Handlinga følgjer søstrene Berljot og Solveig og deira kvardagsliv ein sommardag i 1934. Gjennom songar og dialog blir publikum kjende med jentene og familiane, der vanskelege val må takast og det også er litt kjærleik i lufta.