Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Søndag 26. februar opplevde folk på Grotle i Bremanger endå ein gong at taretrålarane kom opp i fjæresteinane og tråla. Ikkje berre var det søndag der helgefreden vart øydelagt for mange, men i tillegg er dette den viktigaste tida for fiske i Bremangerpollen. Innsiget av gyteferdig torsk var akkurat kome i gang. Torsk som skal gyte i ein av dei viktigaste gytingsområda til kysttorsken i Norge.
Ingen fiskarar med normal folkeskikk vil drive kommersielt fiske ein søndag framfor husveggen til folk. Men taretrålarane pleier ikkje å bry seg om slikt, verken søndag eller andre helgedager. I tillegg er dei blitt oppfordra til å respektere torskegytinga i Bremangerpollen, men dei prøver seg gong på gong. Ikkje rart mannskapet på desse båtane føler seg uglesett når dei vågar å setje føtene på land.
Når ein kontakter politiet angåande brot på heilagdagsfreden, så kjem ein til politiet i Bergen, som alle forstår ikkje kan prioritere dette. Dermed får taretrålinga fortsette med uskikken sin. Havressurslova gjev dei ikkje rett til å tråle på helgedagar.
Tråling etter tare lagar mykje lyd. Høge metalllydar, motorlyd og skrapelyd når grabben skraper over berg på botnen. Vi høyrer dette godt, fisken i havet høyrer dette mange ganger så høgt og held seg unna dette området. Dette er det folk langs kysten må tåle av ei sterkt uønska næring som styremaktene har tillatt.
Taren vert brukt til alt frå matlaging til medisin. Det mange ikkje er klar over er at dette er eit produkt som har vore utsett for det giftige og kreftframkallande stoffet formalin. Dette vert tilsett taren slik at den ikkje skal gå i forråtning på vegen mot fabrikken på Karmøy. Sjå NRK 1. okt 2017.
Styremaktene mistenkjer ulovleg dumping i sjøen. Etter bruk vert formalinen dumpa i havet, noko som ingen andre kan gjere. Dette veit altså staten om, men ingen ting vert gjort. Kven av oss vil innta mat eller medisin som har vore utsett for formalin? Dersom nokon vil vite litt meir om eit anna stoff som vert utvunne frå taren, så kan det vere lurt og lese seg opp på Karragena ( E 407 ). Fleire matprodusenter har endeleg forstått at dette stoffet bør ein ikkje få i seg for mykje av, spesielt ikkje barn. (Sjå A Report by The Cornucopia Institute Mars 2013). Coop Norge er på full fart til å avslutte bruken av Karragena i sine produkt, og fleire følger på.
Kvifor tillet styremaktene denne forureininga av formalin langs kysten vår? Kvifor tillet ein raseringa av tareskogen som er så viktig for alt levande i havet? Det er som å hogge ned skogen og ikkje forstå kvifor fuglane forsvinn. Alt dette gjer at folk langs kysten ser raudt når taretrålarane nærmer seg. La oss sleppe å sjå og høyre dei på helgedagar. Dette må myndigheitene gripe tak i, for tarenæringa kan ein ikkje forvente noko av.
Folket og fiskarlaget i Bremanger har jobba i årevis for å få stoppa taretrålinga i Bremangerpollen, men så langt har fisken og fiskarane måtte vike for tarenæringa.