Vegtrafikksentralen Vest melder på Twitter klokka 15.12 at ein personbil har kollidert med ein tankbil i ein knapp sving like før Myklebust på fv 614.

Dei involverte er vakne og bevisste. Det er dårleg føre på staden, melder Vest Politidistrikt same stad.

Morten Frantzen, fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen opplyser at tankbilen er lasta med lut, men at det ikkje skal vere lekkasje frå den.

Naudetatane er på veg. Det er behov for bilberger på staden og det er uavklart kvar lenge vegen blir stengt.

Oppdatering 15:58: Skadestaden er no sikra og det blir starta manuell dirigering på staden. To personar blir tatt med i ambulanse, begge vaken og bevisst.