Tage Herstad frå Florø og Havreneset er mannen som er så glad i Liverpool footballclub at han forlot sin kjære heimby for å vere nærare fotballaget sitt. Fotballklubben blei etter kvart også levebrødet hans, mellom anna gjennom fotballreiser, legende-arrangement, hotelldrift og fotballpuben Taggy's.

Havrenesingen og den tidlegare sjauaren er kjent for å vere rimeleg frittalande, og fredag gjekk ein sms frå Herstad viralt.

Herstad har teke med seg sonen William (14) til Paris for å sjå Champions league-finalen mellom Liverpool og Real Madrid laurdag. Då lærarane sendte sms for å få ei forklaring på kvifor William ikkje hadde dukka opp på skulen torsdag, svarte Tage med eit bilde frå Paris-turen dei var på og stadfesta at tenåringssonen ikkje var på skulen. Derimot var han med faren og kompisane på tur, for å sjå nok ein Champions league-finale, og forhåpentlegvis få med seg den sjuande pokalen til the reds.

"Absent student. William Herstad did not register at school this morning. Please reply with a reason", stod det i tekstmeldinga frå skulen.

"That is correct. He is on his way to Paris with his dad and his dads very bad mates, to watch the treble chasing reds in yet another CL final", svarte Tage.

Tage delte skjermdump av meldingane på Taggy's bar si Twitter- og Facebook-side. Dette har han gjort fleire gonger før, både svara skulen i liknande ordelag, og lagt ut skjermdumpar. Men denne gongen tok det heilt av.

- Ja, det har vore masse gnål. Eg sletta den posten på Taggy's sin Twitter, då eg brukte for masse tid på å svare tullingar. Er jo gøy det altså, men eg gadd ikkje meir. Men det hjalp lite, då alle fotballsidene i verda har delt den, haha. Skulle tru eg var første mann på Mars!

The Daily Mail skriv om ein "Liverpool-supporting pub landlord" som risikerer lærarane sin vrede ved å hjelpe sonen å skulke for å sjå Champions league-finalen. "Dad goes viral after taking his son out of school for CL-final", skriv Give me sport. Og ein rekke andre sportsnettstader i fleire land har publisert liknande saker.

The holy grail

- Kvifor tar du med William på desse turane?

- Eg skulka aldri ein time på skulen, og var aldri sjuk. Eg blei ikkje noko klokare av det. Det her er the holy grail i klubbfotball, og sjølvsagt vil eg ha guttungen med meg på det her. Dette er hans tredje CL-finale. Han lærer meir om livet på dei dagane her enn dei to dagane han er vekke frå skulen. No big deal.

- Har du eit godt forhold til lærarane som må lese desse svara dine?

- Nei. Eg har aldri snakka med dei, og eg tipper dei ikkje vil snakke med meg heller, haha. Neida, både Tia (dottera, jour.anm) og William liker seg godt på skulen og har eit godt forhold til lærarane sine. Mykje betre enn det eg hadde, i alle fall.

Herstad er ikkje redd for at sonen skal bli skulelei, sjølv om han får vere med på mange storarta fotballopplevingar saman med faren. Fleire av klassekompisane til William er også med på denne turen, og Tage tar dei gjerne med seg på bortekampar i Storbritannia.

- Dette er gode gutar som av og til treng litt hjelp i livet, seier Herstad.

Snegler og due med meisterkokk

Samstundes som Tagen svarer på spørsmål frå lokalavisa, et han snegler og due saman med superkokk Tom Kitchin. Ikkje fordi Herstad sjølv har bestilt bord på ein av Michelin-restaurantane til Masterchef Britain-dommaren Kitchin, men fordi dei er kompisar og han har invitert på middag.

- Tom Kitchin er Liverpool-supporter, og eg har ordna han masse kampbillettar i mange år. No er vi blitt gode venner. Ein utruleg herleg type, seier Herstad.

Det har rett og slett blitt ein tradisjon at Kitchin inviterer Tage og reisefølget på middag.

- Kitchin har invitert oss på mat dagen før kamp, slik han alltid gjer når han er med oss på tur. Han fikser dei beste plassane. Good times!

Sett bort ifrå pandemikampane, der det ikkje var tilskodarar på tribunene, så har Tage no vore på imponerande 935 Liverpool-kampar på rad.

- Sånn pluss minus ein eller to. Litt usikker, seier han.

Og at Europa endeleg har opna opp att etter pandemiårene, og ein kan reise meir fritt, det gler han seg stort over.

- Og å få toppe det med nok ein CL-finale er jo like godt som å vere ein Havrenesing, meiner Tage.

Og kva blir resultatet i finalen i morgon, tør du å tippe?

- Eg trur vi vinner, men det blir meget tøft. Det har vore ein utruleg sesong uansett, og overlever greitt med eit tap.


Les også

Slik heidrar Tage den avdøde naboguten som gjorde han til Liverpool-supporter

Les også

«Kunsten at Tage hva man haver»