Landa til nasjonaldagsfeiring i Qatar, taxisjåføren køyrde feil veg frå flyplassen, men Tage Herstad rakk kampen

Det var den 849 offisielle Liverpool-kampen på rad for Tage Herstad onsdag. Kampen gjekk i det asiatiske landet Qatar som arrangerer VM for klubblag. Då hadde han dagen før vore i Birmingham der juniorane steppa inn for A-laget i ligacupen mot Aston Villa.