Breibandleverandøren Enivest åtvarar no kundane sine mot eit pågåande forsøk på svindel.

Fleire Enivest-kundar har den siste tida motteke epostar der avsendaren blir påstått å vere "Enivest team".

Men meldinga er falsk, og eit forsøk på såkalla "Phishing", der folk med uærlege hensikter vil ha deg til å oppgi personlege opplysningar, gjennom at du følgjer ei lenke og gir frå deg informasjon undervegs.

Enivest understrekar at dei ikkje har sendt ut noko epostar til kundane sine no, og at folk ikkje må svare på desse epostane, men slette dei straks.

- Har du opna lenka og lagt inn brukarnamn og passord, så må du snarast gå inn på enivest.no, velje "Mi side" og endre passordet ditt. Her skal du helst bruke eit passord du aldri har brukt før, på noko form for innlogging, skriv selskapet i ei pressemelding.