Forsøkt svindla av "dataekspert"

 Foto: Frende Forsikring/ANB

Foto: Frende Forsikring/ANB

Artikkelen er over 5 år gammel

No åtvarar Oddrun andre mot datasvindlarar

DEL

Litt før klokka åtte om morgonen laurdag, ringde telefonen til Oddrun Solheim i Florø. I telefonen var ei engelsktalande kvinne med engelsk aksent, som utgav seg for å vere ein ekspert frå eit dataselskap.

- Ho var hysterisk i stemma og påstod at datamaskina mi var blitt hacka, ho nesten skreik på telefonen. Eg fortalde at sonen min kunne fikse det, og at eg ikkje trong hjelpa hennar, men ho insisterte, fortel Oddrun.

Då kvinna nekta å gje seg, la Oddrun på.

- Då ringde ho attende og var sint, lurte på kvifor eg la på, seier ho.

Med kvinna framleis på tråden vekte Oddrun sonen sin. Han sa han hadde høyrt om liknande svindelforsøk.

- Han tok telefonen og sa han kom til å ringe politiet. Då la ho på, seier Oddrun. No åtvarar ho andre om slike svindelforsøk.

Microsoft-svindlarane har den siste tida bredt om seg i Norge, skriv Aftenposten.

- Vi får omtrent daglege henvendingar frå folk som har fått den telefonen, seier Tore Larsen Orderløkken, leiar for Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) til Aftenposten.

- Det er ein oppblomstring for tiden og vi får mange henvendingar frå folk som blir oppringt, det kan vere frå India, USA og forskjellige land – dei snakkar gjerne litt gebrokkent engelsk, men det er også folk som snakkar norsk. Tidlegare har dei brukt lenker, vedlegg og bilder for å komme seg inn på datamaskinen, men no ser vi at dei har teke steget vidare. Du blir oppringt av ein person som seier at PC-en din er infisert, dei spiller på frykt, og då er det lettare å få deg til å gå på limpinnen, forklarar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken