Bil gjekk rundt på Eikeland, mann i 50-åra skadd.

Ein mann i 50-åra slapp unna med skrekken.

DEL

På Fylkesveg 614 ved Eikeland vest for Svelgen gjekk i dag ettermiddag ein personbil utfor vegen og gjekk rundt. Føreren skal ha mista kontrollen på bilen etter å ha først kome utfor vegbana, men føraren kom seg ut av køyretøyet for eigen hjelp. Det er 80-sone på staden.

- Føreren, ein mann i 50-åra,  er bevisst og tilsnakkandes, men klaga på smerter, fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka 17.15. Helsepersonell var først framme. Då var vegen stengt for passering då bilen vart liggande igjen midt i vegen. Politiet er no på plass og dirigerer bilar forbi.  

Artikkeltags