- Katastrofalt med kutt av kystvegen

Formannskapet i Bremanger- tankefulle representantar med ordførar Audun Åge Røys i midten.

Formannskapet i Bremanger- tankefulle representantar med ordførar Audun Åge Røys i midten. Foto:

- Det vil vere svært uheldig for vår del av kysten, seier ordførar Audun Åge Røys (H), om at Fv614 er forslått saldert vekk i Vestland.

DEL

Økonomien til nye Vestland fylke blir så stram at den komande fylkesrådmannen føreslår å kutte investeringsbudsjettet med over 400 millionar kroner neste år.

Prosjektleiar for samanslåinga og komande fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal, plasserer vegprosjekt og investeringar i vidaregåande skular på lista over investeringar som må utsetjast og prioriterast mellom.  Dette melder NRK.

Eit av vegprosjekta som truleg må vente, er fylkesveg 614 mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger kommune. Kystvegen blei freista stoppa av fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane før jul, fordi prislappen på prosjektet hadde stige med over 400 millionar. Då blei det stoppa av fylkespolitikarane.No føreslår prosjektleiaren for Vestland igjen å utsette prosjektet.

– Vi hadde håpa at dette var i boks etter vedtaket i fylkestinget i fjor haust. Vegvesenet har fått klarsignal til å starte med prosjektering og regulering, og no ventar vi berre på startløyvinga, seier ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H) til NRK.

I saksframlegget skriv prosjektleiar også at det kan vere naudsynt å prioritere vekk nokon av investeringsprosjekta på sikt.

– Det vil vere helt katastrofalt for Bremanger kommune og utviklinga av næringsliv og samferdsle på vår del av kysten om dette prosjektet ikkje blir noko av.

Også fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug kan bli sett på vent.

Artikkeltags