Bil køyrde av vegen i Svelgen

Ein 24 år gammal mann slapp med skrekken på glatta søndag morgon.

DEL

Vest politidistrikt melder om at ein bil har køyrt av vegen på Gunnar Schelderupsveg i Svelgen kring klokka 08 søndag morgon. Airbagen blei utløyst og det gjorde sitt til at mannen ikkje trengde legetilsyn etter hendinga. Det var kun førar i bilen og politiet melder om glatt veg på staden gjorde at bilen sklei ut av vegen. Brannvesenet rykker ut, medan politi og ambulanse held seg i ro.

Bilen er no flytta og trafikken går som normalt.

Artikkeltags