Vogntog sperrar vegen delvis

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet er på veg til Svelgen.

DEL

Like før klokka tre fekk politiet melding om at eit vogntog har køyrt av vegen på fv. 614. Utforkøyringa skal ha skjedd ved Klausen Industrier ved Rise i Svelgen.

Vogntoget skal utifrå meldinga delvis sperre vegbana. Politiet er på staden.

Det er ikkje meldt om personskade.

- Vogntoget sperrar vegen delvis,, fortel Espen Gulliksen i politiet.

Klokka 18:41 fortel politiet at dei har avslutta sitt arbeid på staden. Brannvesenet har teke over. Bilar som skal passere vert dirigert av brannvesenet, medan bilbergar jobbar med omlasting og fjerning av vogntoget.

Artikkeltags