Vegstenging ved Svelgen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det vert arbeid med oppsetting av plasstøypt betongrekkverk ved Nordgulen mellom Holmaneset og Langeneset, fv. 614. Planlagt natt til onsdag, natt til torsdag og natt til fredag i veke 40, opplyser Statens vegvesen.

Nattarbeid vil verta imellom kl 19:00 – 06:00 med stengetider inntil 1 time imellom kl 19:00 – 21:00. Imellom 21:00 og 06:00 vil vegen verta stengt i inntil 2 timar av gangen. Rutegåande transport og utrykningskøyretøy vil få passera.

I tillegg er det arbeid i Eikelandstunnelen, fv. 614, tysdag til onsdag frå klokka 20.00 - 05.45 med gjennomkøyring klokka 22.00, 00.00 og 03.00

Det kan bli endringar, så det er viktig at du held deg oppdatert på vegvesenet sine nettsider.

Artikkeltags