Gler seg over høgspent julegåve

ELKEM BREMANGER: Adm. verksdirektør Arne Werge-Olsen

ELKEM BREMANGER: Adm. verksdirektør Arne Werge-Olsen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Verksdirektør Arne Werge-Olsen har jobba i to år mot styresmaktene for å sikre konsesjonskraft til verket sitt. No er målet nådd.

DEL

Verksdirektør Arne Werge-OlsenDet har vore frykta at abonnentane måtte plukke opp rekninga for den store investeringa som har vore her i regionen med å bygge ut straumnettet til 420-kilovoltslinja. Elkem Bremanger kunne her risikere ei mangedobling av nettleiga si. Det ville kosta Elkem i Svelgen så mykje som 70 millionar kroner i året.

Det har faktisk vore hevda at ei slik ekstrarekning ville bety kroken på døra for Elkem. Men fredag fekk verksdirektør Arne Werge-Olsen ved Elkem Bremanger svaret han hadde håpa på. Ei fantastisk nyheit for Bremanger kommune og for Vestlandet.

– No kan vi senke skuldrane, men eg vil påpeike at saka skal handsamast i Stortinget først, kjem det frå Werge-Olsen.

Stortinget får saka til handsaming der den endelege og formelle avgjerda blir treft.

Regjeringa foreslår endringar i energilova i statsråd. I proposisjonen om skilje mellom nettverksemd og anna verksemd er det gjort ein definisjon av dei nye nettnivåa. Det blir no lagt til rette at ein skal dele nettet i to. Eit transmisjonsnett og eit distribusjonsnett. Dagens sentralnett vil i all hovudsak høyre til i det nye transmisjonsnettet. Dette er svært viktig for mange verksemder som i dag er på sentralnettet med lange og føreseielege vilkår for kraft.

Artikkeltags