Gjer innhogg i energidrikk-marknaden med Svelgen-spirulina

Gabriel Ossenkamp i FjordAlg og Mads Bækkelund i Norwegian Fjord Vision.  Samarbeider om energidrikken Norwegian Energy.

Gabriel Ossenkamp i FjordAlg og Mads Bækkelund i Norwegian Fjord Vision. Samarbeider om energidrikken Norwegian Energy. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Med gulrot og epler frå Sogn og Gabriel Ossenkamps ferske spirulina-alger frå Svelgen, gjer Mads Bækkelund innhogg i energidrikk-marknaden.

DEL

Butikkhyllene bugnar av enegidrikkar med internasjonale merkevarer som Red Bull, Monster, Pepsi og Coca Cola. Dei står godt plassert i augehøgde, medan kikar ein under beltehøgde har det flytta inn ein lokal kraftfull opportunist. Den vesle konkurrenten frå Sogn og Fjordane, Norwegian Energy, har klart å klore seg til ein plass i det eksklusive selskapet hos verdas største bensinstasjonkjede, Cirkle K.

Cirkle K og NSB

- Vi har også fått ein avtale med NSB, så ta toget, seier gründer Mads Bækkelund, som også er kjent som programleiar frå TV-programmet Oppdrag Sognefjorden.

Medan dei produserte TV-program både høgt og lågt i Sognefjorden og konsumerte store mengder Red Bull i pausene, dukka ideen opp.

- Kvifor ikkje lage ein sunn energidrikk basert på naturlege lokale råvarer frå Sogn og Fjordane? spør Bækkelund, som no er i ferd med å selje ut sin tredje produksjon på 30.000 flasker. Med Svelgen-gründer Gabriel Ossenkamp sine ferskproduserte spirulina supermatalger som ein ekstra spiss på produktet, er optimismen på topp.

Gabriel Ossenkamp i FjordAlg og Mads Bækkelund i Norwegian Fjord Vision.  Her held Gabriel Ossenkamp opp sin lokalt produserte spirulina.

Gabriel Ossenkamp i FjordAlg og Mads Bækkelund i Norwegian Fjord Vision. Her held Gabriel Ossenkamp opp sin lokalt produserte spirulina. Foto:

To nei vart lykketreff

At dei to gründerande fann kvarandre - kan dei takke eit negativt Regionalt Forskningsfond for.  Begge fekk nei på sine søknader, men ein sakshandsamar i fylkeskommunen konstaterte at forretningsideane kanskje kunne forsterke kvarandre. Det ser det ut til at han får rett i.

- For meg var det litt uventa at spirulina-algen skulle gje meg mitt første kommersielle oppdrag, seier Gabriel Ossenkamp, kjemikar med fortid som verksdirektør ved Elkem Bremanger. Han er i startgropa med sitt gründerfirma FjordAlg og produserer førebels mikroalgene i eit pilotanlegg heime i hagen på Villabakken i Svelgen.

 

- Viss dette tar skikkeleg av, så kan Gabriel snart bygge sine eigen algefabrikk, spøker entusiastiske Bækkelund.

NORWEGIAN ENERGY

  • Energidrikk med naturlege råvarer tilsett fersk spirulina.
  • Den inneheld eple, gulrot, vanilje, ingefær og litt kolsyre. 
  • Den blir marknadsført som ein helsebringande drikk.      

Livsstilsprodukt

Mikroalgen spirulina er kjent brukt i såkalla supermat. Den inneheld vitamin, protein og mineralar. Ossenkamp produserer den i reint brevatn av drikkevasskvalitet frå Hjelmevatnet.

- Spirulina er brukt i helsekostprodukt og mange meiner den kan styrke immunsystemet og også ha ein detox-effekt på kroppen. Den er rekna som eit livstilsprodukt for aktive menneske. Å kunne levere fersk spirulina til Mads og Norwegian Energy kan gje meg som gründer positiv merksemd, trur Ossenkamp.

Spirulina

  • Spirulina, slekt av blågrønalger, cyanobakteriar. Slekta (inkludert Arthrospira) danner spiralforma celletrådar (trikomer), har mange artar både i ferskvatn, brakkvatn og marine område.
  • I Mellom-Amerika og Afrika har Spirulina-artar lenge vore brukt i kosthald og folkemedisin, i Mexico sidan Aztekerane si tid. Omfattande forsking har vist at Spirulina er svært proteinrik (55–70 % av tørrvekta), og inneheld ei rekke aminosyrer og viktige mineral (f.eks. jern og sink) og vitaminar i høge konsentrasjonar. Spirulina-produkt blir brukt til kosttilskot, og fleire tropiske artar blir dyrka kommersielt. Spirulina er også kjent for eit stort innhald av B12, men mykje av dette kan ikkje kroppen gjere seg nytte av.

(Kjelde: SNL)

Norwegian Fjord Vision

Mads Bækkelund er ein mangefasettert herremann og eventyrar. Via selskapet sitt Norwegian Fjord Vision Ltd. driv han i tillegg til å vere TV-skipper for NRK, også med produksjon av luer og genserar og arrangerer turar for ekstremsportutøvarar.

- No skal eg snart i gang med ein ny TV-reiseserie der eg skal ha med meg Iron Maiden-piloten Bruce Dickinson. Vi legg opp til stopp nokre stader i Sognefjorden, Florø og Måløy. Kanskje tek vi turen inn til Gabriel i Nordgulen-fjorden også? smiler han.   

Med naturtalentet Bækkelund på marknadsføring og Gabriel Ossenkamps solide industrikompetanse - kan det kanskje skapast positive synergiar for energidrikk-korstoget mot dei store globale konkurrentane.     

Artikkeltags