Hårfine berekningar bak nye Svelgen 1

Styreleiar Ola Lingaas i Svelgen Kraft ønskte velkommen til opningsfest.

Styreleiar Ola Lingaas i Svelgen Kraft ønskte velkommen til opningsfest. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den 100 år gamle kraftstasjonen Svelgen 1 er no oppdatert til 2018-nivå teknisk. Det har ikkje vore nokon enkel jobb.

DEL

Kraftstasjonen Svelgen 1 la grunnlaget for all industriutvikling i Svelgen og for to år sidan starta noverande eigar, Sogn og Fjordane Energi, arbeidet med å oppgradere den til dagens tekniske standard. Dei valde ei løysing der ein måtte drive ny tilkomsttunnel, ny drfitstunnel og ny vasstunnel og det måtte gjerast i fjellet bak smelteverket som var om lag som ein sveitserost allereie.

Firdaposten var til stades på opninga torsdag ettermiddag den 21. juni.

– Vi har laga 700 meter tunnel i eit fjell med mykje eksisterande infrastruktur, både vegtunnel, kabeltunnelar, transformatorhallar og andre tilførsletunnelar inn til transformatorhallane. Og alt dette skulle vi passere med ny tunnel. Og vi var veldig nær! Kabeltunnelen var vi ein god meter ifrå og vi var veldig nær riksvegtunnelen også. Vi kunne ikkje tillate noko skade verken på noko av det, fortel prosjektleiar Per Inge Verlo.

– Mykje komplisert ingeniørarbeid her?

– Ja, men ikkje minst veldig godt arbeid frå dei utførande som måtte gjere dette feilfritt.

– Og i dag skal det feirast med god middag på hotellet og god prat med mange av dei som har delteke på prosjektet.

Per Inge Verlo.

Per Inge Verlo. Foto:

Prosjektet baud også på evne til å improvisere, særleg i samband med den gamle kraftstasjonsbygningen som ligg inne på verksområdet. Mange sider ved dette var ikkje kjent på førehand og det gamle anlegget som skulle rivast, skulle ikkje øydeleggast.

NCC stod for bygg og anlegg, Brødrene Dahl vasskraft for røyr og ventilar, el.mekanikk blei levert av Rainpower/Hymatec og Norconsult var med på prosjekteringa.

– Vi hadde eigen geolog med oss og mange tiltak for å førebygge skader og kom gjennom prosjektet utan, seier prosjektleiar Verlo, som er nøgd med at anlegget no går over i driftsfasen.

Styreleiar Ola Lingaas i SFE-eigde Svelgen Kraft ønskte velkommen og kunne høyre si eiga stemme runge godt rundt i den gamle ærverdige kraftstasjonshallen. Med så enorm romklang var det til tider slitsomt og utfordrande å høyre kva Per Helge Eikeland fortalde frå historikken og å få med seg detaljane i prosjektleiar Per Inge Verlo si forteljing om framdrifta av prosjektet.

Men musikarane i stringswing-orkesteret New Ol`Jeans frå Svelgen; Raimund Hoclas, Eliise Tuul, Kristian Skår og Espen Skartun, greidde på imponerande vis å takle den kaotiske akustikken i hallen og fekk liv i den musikalske godfoten hos industrigjengen.

    SFE har oppgradert den eldste kraftstasjonen ved smelteverket i Svelgen.

    Artikkeltags