Etterforskar dødeleg vasstopp i Riseelva

Slik såg elva ut nedover eit par timars tid.

Slik såg elva ut nedover eit par timars tid. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Etterforskarar frå politiet jobbar no med kartlegge årsaka til at vassføringa i Riseselva blei for låg torsdag ettermiddag.

DEL

Operasjonsleiar Ole Tom Nord stadfestar at det pågår etterforsking og at dei hadde folk på staden torsdag kveld og dei held fram i dag.

- Det er funne daud fisk og ål i vassdraget. Det er klare krav til minstevassføring når ein regulant får konsesjon til å ta i bruk vassressursane. Men vi har enno ikkje klarlagt konkret korleis skaden er skjedd, seier operasjonsleiaren.

LES OM KARTELEGGING AV ÅRSAKER OG KONSEKVENSAR:

Lensmann Espen Gulliksen viser til at politiet ønsker å snakke med alle partar før dei kjem med meir konkrete opplysningar enn at det har vore ein stopp i vassføringa og at den har vore under lovleg minstevassføring. Førebels veit ein ikkje kor lenge vassføringa var under minstemålet.

Her ser vi Riseelva frå vatnet og ned til sjøen. Foto: DNF

Her ser vi Riseelva frå vatnet og ned til sjøen. Foto: DNF Foto:

Som kjent er det Maskin En3prenør1 som arbeider med å lage vassinntak til det nye postsmoltanlegget i Breivika i Svelgen på oppdrag frå Steinvik Fiskefarm.  Steinvik Fiskefarm og den andre regulanten i Risevatnet, SFE, var i ferd må planlegge tiltak i sjølve elva for å sikre sjøauren tilgang til Risevatnet etter at den nye demningen er ferdigstilt.  For ein del år tilbake rasa det ned stein i elvegjelet og det har gjort det vanskeleg for sjøauren å komme seg opp i vatnet.  Dette skulle no ordnast opp i - sjølv om regulantane sin aktivtitet ikkje er direkte årsak til denne utfordringa.

LES OGSÅ:

Artikkeltags