Italiensk selskap kjøper seg inn i Vestavind Kraft

Dei to prosjekta Hennøy og Okla har ein planlagt installasjon på 70 MW, noko som kan gi ein årleg produksjon på 230 GWh. Dette tilsvarar straumforbruket til om lag 11.000 husstandar.

Dei to prosjekta Hennøy og Okla har ein planlagt installasjon på 70 MW, noko som kan gi ein årleg produksjon på 230 GWh. Dette tilsvarar straumforbruket til om lag 11.000 husstandar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det italienske selskapet Falck Renewables kjøper seg inn i vindkraftselskapet Vestavind Kraft. Kjøpet omfattar 80 prosent eigardel av vindkraftprosjekta Hennøy i Bremanger og Okla i Selje.

DEL

Svelgen Kraft Holding er blitt samde med det italienske fornybarselskapet om sal av 80 prosent av dei to prosjekta Hennøy og Okla, går det fram av ei pressemelding måndag kvald. Først skal transaksjonen endeleg godkjennast i Falck Renewables sitt styre.

Har konsesjon på Lutelandet

Vestavind Kraft vart skipa i 2005 for å utvikle vindkraftprosjekt for eigarselskapa. I dag er det selskapa SFE Produksjon, Tafjord Kraftproduksjon og Sognekraft, gjennom selskapet Svelgen Kraft Holding, som står bak vindkraftselskapet.

Selskapet har førebels ikkje bygd ut vindkraftparkar, men har dei seinare åra arbeidd fram fleire konsesjonar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre: Okla i Selje, Hennøy i Bremanger, Lutelandet i Fjaler og seinast Bremangerlandet. I tillegg eig selskapet nær halvparten av Haram Kraft i Haram kommune.

Lutelandet, Haram og Bremangerlandet er ikkje omfatta av salet, og vil bli overført til Svelgen Kraft Holding, heiter det i meldinga.

Industriell partnar

– Å kjøpe Vestavind Kraft passar godt inn i vår strategi om å vere ein viktig aktør innan utvikling av fornybar energi i Europa, seier Toni Volpe, adm.direktør for Falck Renewables.

Ifølgje pressemeldinga er Falck Renewables notert på børsen i Milano i Italia, og har utvikla ei rekkje prosjekt innan fornybar energi i land som Italia, Spania, Frankrike og Storbritannia. Dei er ein del av Falck-konsernet – ein stor industriell aktør med ei meir enn 100 år lang historie, og var blant dei første til å produsere elektrisitet i Italia.

Vestavind endrar namn

Vestavind Kraft er lokalisert på Sandane. Vestavind Kraft vil skifte namn til Falck Renewables Vind AS, og dette selskapet skal eigast 80 prosent av Falck Renewables og 20 prosent av Svelgen Kraft Holding.

Dei tilsette vil halde fram i eit nyoppretta selskap under Svelgen Kraft Holding, Vestavind Energi. Vestavind Energi skal følgje opp eigarselskapet sin resterande vindkraftportefølje, og i tillegg selje konsulenttenester innan vindkraft.

Artikkeltags