Svelgen-Bremanger Røde Kors opnar telefonteneste for dei som treng nokon å snakke med

SVELGEN-BREMANGER RØDE KORS: Lokallaget er veldig aktivt, og no riggar dei til ein telefonlinje for dei som treng nokon å snakke med. F.v.: Astrid-Johanne Vårdal, Jan Børge Monsen, Torunn Pernille Frimannslund og Lise Buset. Arkivfoto frå februar 2019.

SVELGEN-BREMANGER RØDE KORS: Lokallaget er veldig aktivt, og no riggar dei til ein telefonlinje for dei som treng nokon å snakke med. F.v.: Astrid-Johanne Vårdal, Jan Børge Monsen, Torunn Pernille Frimannslund og Lise Buset. Arkivfoto frå februar 2019. Foto:

SVELGEN: Tilbyr ein telefonvenn til dei som treng det.

DEL

– Vi er no i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda held stengt og dagleglivet er endra. Vi må vere meir kvar for oss heime, og det betyr at dei som har det vanskeleg frå før kan få det endå vanskelegare. Og attpåtil nærmar vi oss påskehøgtida. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få.

Det skriv leiar Jan Børge Monsen i Svelgen-Bremanger Røde Kors i ei pressemelding. For Røde Kors lokalt har no oppretta eit tilbod om telefonvenn.

Telefonvenn

Ein slik telefonvenn kan ringje deg og spørje korleis du har det, og de kan snakke om det som opptek deg. Ønsker du ein telefonvenn, ring eit av nummera under og avtal vidare, så setter vi deg i kontakt med ein telefonvenn. Telefontid for kvardagar er mellom 13.00 til 17.00. Dette gjeld berre ved første gongs kontakt, deretter blir det avtala ei tid som passar best for deg.)

Ta kontakt med anten Torunn Frimannslund på telefon 909 84 353 eller Jan Børge Monsen på telefon 401 64 662, så ordnar dei deg ein telefonvenn.

Røde Kors nasjonalt har også eit tilbod til dei under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Tilbodet heiter Kors på halsen, og der kan du velje om du vil ringe, chatte eller maile. Telefonnummeret 800 333 21 er bemanna frå måndag til fredag mellom klokka 14.00 til 22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet Kors på halsen. På grunn av koronasituasjonen er chatten også open laurdag og søndag mellom klokka 14.00 og 22.00.

Koronavettreglane

Røde kors har også laga eigne koronavettreglar til hjelp i krisetid og påske.

– Dersom alt hadde vore som normalt, så hadde Røde Kors minna Noreg på fjellvettreglane, no når vi nærmar oss påske. Påska er ei høgtid for turar i fjellet, og fjellvettreglane er eit viktig reiskap for å unngå at turar endar med at hjelpekorpsa eller andre må rykke ut med bistand. Men alt er ikkje normalt akkurat no. Med koronaviruset står vi framfor ei alvorleg folkehelsekrise. Alle merker det, uansett om vi blir sjuke eller ikkje. Det er ukjent terreng, og vi treng gode råd. Difor har Røde Kors utvikla Koronavettreglane. Det viktigaste med Koronavettreglane er at vi skal unngå å smitte kvarandre, og at vi må hjelpe kvarandre med å handtere dei vanskelege kjenslene som blant anna isolasjon skaper, seier Monsen.

Koronavettreglane:

  • 1. Følg styresmaktene sine råd til ein kvar tid, sjekk www.helsenorge.no
  • 2. Vår oppførsel kan redde liv. Ta ansvar for å unngå smittespreiing.
  • 3. Aksepter eigne og andre sine kjensler. Det er normalt å føle seg trist, lei, forvirra, bekymra eller sint under ei krise.
  • 4. Ikkje bruk alkohol eller andre rusmiddel for å takle ein stressa situasjon. Handter kjenslene dine på ein sunn måte.
  • 5. Hold kontakt med venner og familie på telefon, e-post eller sosiale medium.
  • 6. Vis omsorg og ta spesielt kontakt med nokon du trur kan oppleve einsemd. Ikkje gå på besøk til nokon som er i karantene eller isolasjon.
  • 7. Ikkje bidra til at frykt for viruset fører til stigmatisering av enkeltmenneska eller grupper.
  • 8. Ta vare på deg sjølv. Et sunt, vær i aktivitet og få nok søvn, også om du jobbar heime eller er i karantene.
  • 9. Ikkje sett deg sjølv eller andre i ein situasjon der de trenger hjelp frå helse- eller beredskapsressursar utanfor eigen heim.

– Det er fint å sjå korleis innbyggarane i Sogn og Fjordane og i Bremanger handterer denne situasjonen. Dei aller fleste høyrer på gode råd, føl reglar og oppfører seg fornuftig. Vi ser også at mange seier hei til kvarandre, og heiar på kvarandre. La oss fortsette med det! Denne krisa er både fysisk og psykisk, så vi må arbeide aktivt for å hindre dei verste konsekvensane av at folk mister sosial omgang med andre. Vi i Svelgen-Bremanger Røde Kors har dei siste vekene tilpassa aktivitetane våre, slik at verken deltakarar eller frivillige vert utsett for ekstra smittefare. I omsorg har vi starta opp tilbodet om telefonvenn. Vi har ei viktig rolle som støtteaktør, og har lenge vore i dialog med Bremanger Kommune. Dersom behovet oppstår, er vi klar til å hjelpe på kort varsel. Vi er klare til å halde fram innsatsen no som påska nærmar seg, og i dagane etter påske, skriv Monsen og held fram:

– Det er langt til Italia og Spania, men skrekkscenene der ifrå er kome tett på. Enkelte stadar snakkar dei om at ein heil generasjon eldre er vekk i løpet av eit par veker. Det er hjarteskjerande beskrivingar frå pårørande som ikkje får pleie sine sjuke slektningar, eller delta i gravferda. Ein slik verkelegheit har vi heldigvis unngått så langt i Noreg. Saman må vi fortsette å ta eit ansvar for å hindre smittespreiing. Vi er ikkje trygge før alle er trygge. Vi blir ikkje å finne på fjellet denne påska, verken i patrulje eller på ei hytte, men held ein god heimeberedskap, klar til utrykking dersom det vert behov.

Artikkeltags