Gå til sidens hovedinnhold

Sveinung Rotevatn fredar bilvasken

Artikkelen er over 1 år gammel

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) kjem ikkje til å innføre forbod mot å vaske bilen heime.

«Ja.»

Det er det korte og konsise svaret frå klima- og miljøministeren på eit skriftleg spørsmål frå Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget.

Det Vedum ville ha svar på, var: «Kan statsråden slå fast at regjeringa ikkje kjem til å innføre forbod eller innstramming i regelverket for vask av eigen bil eller køyretøy?»

Bakteppet er ein nyheitsartikkel hos Broom.no der det kjem fram at ein i delar av Sverige kan få bot på opp til 10.000 kroner for å vaske bilen på gardsplassen.

Også i Tyskland er det forbode å vaske bilen heime, og i Danmark blir ein rådd imot bilvask på eigen gardsplass.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken